Lange reiser
23. desember 2012
Sogn og Fjordane med i serieordningi
23. desember 2012
Vis alt

50-åri

Då 1953 var jubileumsår fekk laget istand ei turnering med Gjøvik/Lyn, Raufoss og Sogndal som gjester. Denne turneringa vart særs vellukka både sportsleg og økonomisk, og enda dessutan med siger til Jotun.

jotun i antwerpen

Når ein ser på desse 50-åri kjem det tydeleg fram at Jotun er alt for sterke for sine motstandarar. Ja, kampane hadde ofte liten sportsleg verdi. Men so har vel Jotun ikkje nokosinne stilt sterkare lag. Det var den gongen Anders Hestetun, Kristian Hestetun, Magnus Hestetun, Alf Moen og Arnold Øren var på sitt beste. So det var ikkje å undra seg yver at laget vann 10 krinsmeisterskap på rad. Ja, det var den gongen ein skulde hatt grasbana og kome med i serien. Ein vilde vore viss på at Jotun hadde hevda seg.
Det var i grunn cupen ein hadde å sjå fram til. Og dette året (1953) fekk laget for fyrste gong den æra å spela på Brann Stadion, mot det nye hovedserielaget Nordnes i 1. runde.
Bergensarane må ha hatt kjennskap til Jotun, for denne kampen trekte 1000 tilskodarar meir enn Brann-Hardy, som gjekk same dagen. Som venta vart det tap. Men med den «publisitet» laget fekk i avisene både med tekst og bilete, kunde dei vera nøgde med resultatet.
Målet var i desse åri å nå 3. runde, for å «feriere i cupen», som det vart sagt.
Sjansen var der i 1955. I 1. runde vann dei 2-0 over Baune, i Bergen, etter ein god kamp. I 2. runde skulde dei møta Gjøvik/Lyn. No hadde Jotun rett på heimebana. Men då 2. runde skulde spelast på gras, måtte kampen spelast på Gjøvik. Det vart diverre tap 1-0. Men som «Sportsmanden» skreiv: «Det hadde ikke vært noe å si på at Jotun hadde, vunnet, serlig etter sin jernharde innsats i 2. omgang».

jotun og bandak

I 1957 møtte dei Nordnes i 1. runde på heimebana. Resultatet vart 2-2 etter ekstraomganger. Omkampen gjekk på Brann Stadion helgi etter. Denne kampen er rekna for Jotun sin beste. Det var reine uflaksen at dei ikkje gjekk vidare. M.a. brende dei straffespark 5 min. før slutt.

Diverre vann Nordnes 4-3, men som «Sportsmanden» skreiv: «Selv den ivrigste nordnestilhenger må innrømme at det beste laget tapte».
Det vart ikkje gjort so mange langturar desse åri. Som regel ein helgatur til næraste distriktet, til lag på Fagernes, Gjøvik og Raufoss.
Men i 1955 hadde laget ein sers velukka tur til Sunnmøre. Med «Herd» som vertar. Fyrst vart det spela interkretskamp mot Sunnmøre, Sogn og Fjordane vann 3-2, og Jotun hadde 6 spelarar på laget. (Ein legg merke til at gjenom desse åri stod mest halve krinslaget av Jotunspelarar). Deretter var det kampar mot Herd, Langevåg og Sunndalen.