Den spede oppstart
23. desember 2012
Eigen serie i Indre Sogn
23. desember 2012
Vis alt

Den fyrste kampen

Søndag den 23. juni skulde Jotun møta «Modig», Fresvik i sin fyrste kamp. Ja, det var stor spaning føre denne kampen. Alle kveIdar vart det førd høgrøysta diskusjonar. Alle meinte sjølvsagt at Jotun kom til å vinna. Ingen kunde tru at ei so liti bygd som Fresvik vilde slå årdølene.

Martin WigumJotun hadde ikkje på den korte tidi ordna seg drakter. Men det vart vedteke at laget skulde nytta kvit trøye med grøn krage og svart bukse. Dette måtte spelarane sjølv skaffa seg. For laget hadde ikkje råd til å kjøpa. Og no fekk syerskane ei travel tid framyver. For alle som var med og trena trudde dei skulde koma på laget.

Og so kom den store dagen. Lang tid før «Modig» var ventande, var det samla svart med folk ved Øyrnausti. Alle motorbåtar på vatnet måtte gå ekstraturar. «Modig» hadde sjølvsagt stor heiagjeng med seg. Dessutan var det mykje folk frå Tangen, som vilde sjå på den nye idrotten.

 

Kl. 15 skulde kampen byrja. Og då domar A. Heggen kalla kapteinane saman, hadde kring 500 åskodarar krinsa bana. Eit stort tal når ein tenkjer på folketalet den gongen.

jotunogfalken1946jotun1946

Jotun stillte med fylgjande lag frå mål til y.v.: Sverre O. Øren, Peder Midtun, Odd Vee, Teodor Solheim, Krestoffer Midtun, Henrik Hæreid, Karl A. Midtun, Arne Øren, Georg Øvstetun, Jørgen O. Vee og Anders Fredheim.

Jotun byrja godt. Dei var mykje raskare på ballen, og etter eit kvarter spel leida dei 1-0. Det var Georg Øvstetun som laga målet. Og jubelen var sjølvsagt stor. Men «Modig« vart farlegare og farlegare. Dei viste betre teknikk og samspel. Men forsvaret til Jotun arbeidde godt. So etter 1. omgang leida Jotun 1-0.

Men i 2. omg. kom «Modig» mykje sterkare. Det viste seg no at det hadde røynt for hardt på forsvaret til Jotun i l. omg. Som ei orsaking kan ein leggja til at ingen i forsvaret hadde fotballstøvler, men måtte bruka tunge arbeidsstøvlar, og i den lause sanden var det ikkje rart at kondisjonen sprakk. Snart ramla det eine målet etter det andre inn. Og då kampen slutta, hadde «Modig» vunne med 5-1. Ja, det var mange som hengde med hovudet den dagen.

Men om det vart nederlag, so hadde det vore ein stor dag økonomisk. Og det kom vel med. For no måtte det skaffast betre utstyr. Serleg måtte det skaffast fotballstøvlar. Men det var lite med pengar mellom ungdomen i den tidi. Laget kjøpte difor inn ein del støvlar, og so fekk spelarane dei att for kr. 5.00. Og det må ein segja var rimeleg.