IL Jotun sitt jentelag i Gothia Cup 2012
Informasjon 3. divisjon damer
20. desember 2012
Den fyrste kampen
23. desember 2012
Vis alt

Den spede oppstart

Ein høyrer lite og ingenting om fotballen her i Årdal føre 1930. I grunn merkeleg når ein tenkjer på all den ungdomen som vaks opp, og alle dei tilreisande arbeidarar frå alle kantar av landet som var her på den tid.

gaupne1937

På Vee-sida prøvde dei med eit lag truleg i 1927. Det var A. Heggen og K. Magnussen, som båe hadde vore aktive på Austlandet, som sto for leidingi.

I fyrstningi trena dei på ein voll som låg litt utanom der som Hall B no ligg. Seinare flytte dei lenger ned mot elvi til den plassen som seinare vart Jotun si bana..

Litt etter kvart vart gutane på Farnes og med. Den 17. mai skulde fyrste kampen mellom Farnes og Vee-sida gå av stabelen. Mykje folk var samla. Vee-sida var sjølvsagt store favorittar. Det var ikkje spørsmål om kven som skulde vinna. men kor mange mål Vee-sida, skulde vinna med. Men fotballen var rund den gongen og. Det vart Farnes som gjekk av med sigeren til stor moro for alle «farnesingar».

Sjølvom det ikkje var slikt fotballspel ein fer sjå i dag, fekk ein då ein glimt av kor hektisk og spanande denne idrotten kunde vera. Ja, kanskje for hektisk. For ein høyrer seinare ikkje meir til dette laget.selmerveheim

Men me ungane hadde fenge smaken for denne idrotten. Der det var ein voll eller open plass, vart det sparka fot- ball frå snøen gjekk om våren til seint på hausten. Utstyret var diverre ikkje rart. For det meste ein papp eller gummiball. No og då vart det spleisa på ein fotball, men då fekk ein ikkje bruka støvlar, men måtte sparka berrføtes. For det var ikkje rart med skillingane den gongen.

Men sjølvom utstyret ikkje var i orden, so kom då dette treningsgrunnlaget vel med, for stamma på Jotunlaget vart seinare henta mellom dei som i gutedagane trena kring på vollane.teodorogkristian

Etter søknad fekk dei løyve av Tyinfallene å nytta den førnemnde bana i Veehagen. Men denne bana var mykje for liti og dessutan i noko dårleg stand. Difor måtte det straks setjast i gang arbeid. Men det var ikkje vanskeleg å få nokon med den gongen. Kveld etter kveld vart det grave og rydda. Og etter ei stutt tid låg der ei brukbar, om ikkje serleg god bana på ca. 50 X 90 m. Og treningi den vart drive, kan ein segja både dag og natt. Sjølvom den ikkje vart drive systematisk, so gjorde då gutane framgang. Og utpå vårparten vart det so vedteke at no skulde gutane få prøva kor dei dugde.