Eigen serie i Indre Sogn
23. desember 2012
Lange reiser
23. desember 2012
Vis alt

Førkrigstida

I 1937 heldt krinskampane fram som vanleg. 2 nye lag var kome til: Luster og Kaupanger, medan Sogndal var falne frå. Det vart søkt etter trenar på same vilkår som året før, men det førde vistnok ikkje fram. Når det gjaldt bana, vart det ikkje gjort meir med den dette året. Sjølvsagt måtte ein raka vekk stein etter kvar kamp. So idrottsplassen var eit stort problem.

 

Dette året var Jotun meir overlegen enn nokonsinne. Dei vann omtrent alle kampane. Men dei fekk alikevel sitt fyrste tap i serien. Aurland vann 4-2 på heimebane. Aurland var i grunn den hardaste motstandaren. Dette året vann laget den oppsette pokalen tilodel og eiga. Og dei som kom på diplomen var desse:

 

Tomas Midtun. Jørgen O. Vee. Torleiv Hjelle. Krestoffer Midtun, Teodor Solheim, Karl Midtgard, Olav Vee, Selmer Veeheim, Arne Øren, Alf Moen og Anders Fredheim.

 

Det vart spela 2 vennskapskampar mot Fagernes dette året. På Fagernes vart det 6-2 tap, og på heimebane heile 10-0. I den siste kampen kom veikskapen til Jotun fram. Det var lagspelet og oppdekkingi som svikta. Fagernes spela dei trill rundt.

 

Elles viser det seg at Tangen er komen med dette året. Kommunen fekk eit tilskot av eit sokalla «Krisehjelp for ungdomen» (Vi i Øvre fekk ingenting). Og med dette fekk dei arbeida seg opp ei fotballbane i Saltviki. I opningskampen vann Jotun 7-0. Det viser seg at interessa for fotball blir større og større. Millom anna var laget ein tur inni Utladalen og spela ein kamp der. No var visstnok Utladalen forsterka med eindel Grandagutar og Moagutar, so sigeren vart ikkje so stor .Etterpå vart det laga ei revyvise, som vart mykje sungen ei tid framover:
‘Han Torstein han brukte både armar og bein, og 500 nesingar sto rundt om og flein’

 

1938 vart ein dårleg sesong for laget. Den store arbeidsløysa gjorde seg meir og meir gjeldande i Årdal. Og dette gjekk serleg ut over ungdomen. Fleire og fleire av dei mest trufaste spelarane måtte søkja ut.Det gjekk bra på vårparten. Men so kom då denne syrgjelege kampen mot Luster. Det vart eit nederlag på heile 7-0. Gunnar Hestetun, Krestoffer Midtun, som ikkje hadde vore med og tapt ein einaste kamp for Jotun, var komne heilt ifrå Sogndal for å sjå kampen. Ja, det var ikkje rart at dei reiste til skogs og gøymde seg. I returkampen om hausten fekk laget revansje med 6-2, men frå dei andre kampane måtte laget trekkja seg. For dette måtte Jotun betala kr. 25.- i bot til kvart lag. Dette året vart Aurland krinsmeister.

 

Når det gjaldt drakter vart det desse åri nytta dei same, som då laget vart stifta. Desse var ikkje godkjende av krinsen, og den forlanga no at det måtte ordnast med nye. Etter mykje diskusjon kom ein fram til dette resultatet: Grøn trøye med kvit plog framme, kvit krage og mansjetter, raud bukse. Ei fargesamansetning, som fekk lovord både den gongen og seinare. Og æra for dette må ein gjeva til Leif Vee. Arne, broren, fortalde at han brukte ei dokka under fargeprøva, om dette er sant kan ikkje stadfestast.Ellers fekk laget om hausten istand ein tur til landskampen Norge-Sverige. Laget leigde ein buss. Kvar spelar betalte kr. 5,- og laget resten. Turen vart i det heile særs vellukka.
På grunn av dei mange avlyste kampane, vart det i 1939 spela berre enkel serie. Jotun hadde atter ein god sesong. Ein del gamle spelarar var komne attende. Dessutan byrja no unggutane å gjera seg gjeldande. Det vart 3 vunne og ein uavgjort kamp. Luster trekte seg. Dermed vart laget atter krinsmeister. Og dessutan fekk ein aksje i den nye pokalen som var oppsett. Desse kom på diplomen: Arne Norheim, Henrik Hæreid, Torleiv Hjelle, Karl Midtgard, Krestoffer Midtun, Gunnar Hestetun, Ulrik Fredheim, Olav Hestetun, Arne Øren, Leif Vee og Selmer Veeheim.
jotun1957

 

Og so kom krigen, og dermed var ei kort men ærerik soga slutt for ei tid.

Når ein ser attende på desse åri, so var det merkeleg kor bra laget greidde seg økonomisk. Inngongspengane var den gongen berre 25 øre for vaksne og 10 øre for bom. Men merkeleg, ingen prøvde å «tjuvåka», endå kor smått det kunde vera for mange.

Ein ting skal ein merka seg. Spelarane var ikkje so kravstore den gongen, serleg når det gjaldt reisemåten. Bartolv Vetti var med i styret heilt frå tilskipingi, og gjorde eit godt arbeid.

 

Ame Øren, Karl Midtun, Krestoffer Midtun og Torleiv Bjelle, var med og vann krinsmeisterskapet alle gonger. Godt gjordt må ein segja. Skal ein prøva med ei samanlikning av Jotun den gongen og laget av i dag, kan ein segja det slik: Når det gjaldt fart, kondisjon og innsatsvilje, må ein gje prisen til Jotun før krigen. Men teknisk og i lagspel, var det klasseforskjel mot det Jotun viser i dag.
ghestetunogtsagen