Sogn og Fjordane med i serieordningi
23. desember 2012
Medlemskontigent
27. desember 2012
Vis alt

Nesten opprykk

Svend Age Olsen heldt fra som trenar i 1966, og treningi vart drive meir «intens» enn nokosinne. I april reiste seniorlaget til treningsleir i Danmark, og gjorde ein god innsats i kampane der. M. a. greide dei 3-3 mot sjølvaste Boldklubben av 1909. Alt såg so ljost ut, med gode resultater i treningskampane. Men diverre gjekk det ikkje so bra. Serleg svikta det i haustkampane. Det vart 7. plass og dermed nedrykk til 4. div. I cupen vart det tap mot Snøgg i 2. runde, etter å ha slege Raufoss 2-1 i 1. runde.
Målsetjing for 1967 var å spela seg oppatt i 3. div. Det vart ingen problem med å vinna 4. div. Og i opprykkingskampane mot Arna og Sandviken gjekk det og bra, men greidde ikkje å verta distriktsmeister. I cupen vart dei heilt uventa utslegne av Vardal i 2. kvallifiseringsrunde. Juniorlaget gjorde det som vanleg bra, og vart krinsmeister etter 3-2 mot Måløy i finalen. Men i N. M. vart det tap mot Djerv, Bergen, i 2. runde. Gutelaget måtte diverre trekkja seg etter berre 3 spelte kampar. Men smågutelaget, som var komne til dette året, gjekk heilt til topps, ved å slå Høyang 1-0 i finalen.

Jotun mot Grane

Merkeleg nok vart det 1968, som skulde bli Jotun sin beste sesong, endå laget på førehand var dømd til undergang. Kristian Hestetun og Svein Orheim sto for treningi. Det gjekk nokso bra i treningskampane. Men so vart det tap mot Årstad i fyrste seriekampen. Og det såg ikkje bra ut. Men so vart det 5 sigrar på rad, og dermed leia Jotun etter halvspelt serie. Haustkampane vart svært spanande. Det såg lenge uvisst ut. Men laget gjorde tilslutt all tvil til skamme, og sigra med 3 poeng på neste lag.
I opprykkingskampane for 2. div. gjekk det ikkje som ein hadde vona. Det vart uavgjort mot Grane, Arendal, på heimebana, men etter spel og sjanser burde Jotun vunne denne kampen. Mot Haugar i Haugesund vart det tap 2-1, men om denne kampen skreiv Bergens Tidende at Jotun burde ha vunne og sikra seg 2. div. kontrakt. Men laget gjorde i allfall ein god innsats. Stavangeravisene skreiv etter kampen, at Jotun hadde spelarar, som utan vanskar kunde gå inn på Viking.

 

haugar mot Jotun

Frigg mot Jotun

I cupen kom dei ikkje lenger enn til 1.runde, og med B-laget og juniorlaget gjekk det heller ikkje so bra. Men i «tippekampen» vart det heile 5-0 mot Raufoss.
Etter den lovande 68-sesongen, såg ein med ei viss optimisme framtida i møte. Men diverre det vart eit stort vonbrot. Etter halvspelt serie hadde laget 2 poeng. Men etter sumarferien såg ein litt ljosare på det. Laget hadde vunne «tippekampen» mot Åsiden, og gjordt det bra i Dragecupen på Ulefoss. Og då haustkampane tok til vart det 7 poeng på dei fire fyrste kampane. Men deretter vart det berre 1 poeng på dei 3 siste, og i alt 10 poeng og 7. plass. Dermed vart det 4. div. for andre gong. Og ikkje nok med det, det vart heile 6-0 tap mot Raufoss i 2. runde.
Når det gjeld 70-åri ligg den tidi so nær, og resultata er so kjende, at det er ikkje mykje å skriva om.

Diverre har denne tidi vore eit «trist kapitel» i Jotun si soga. Vistnok spelte laget seg opp att 3. div. 1970. Men året etter vart det nedrykking att. I 1972 har dei hatt nok med å hevda seg i 4. div. og for fyrste gong vart det tap for Årdalstangen. Det er vanskeleg å finna grunnen til dette tilbakeslaget, serleg når ein ser på dei lovande junior- og gute-spelarar laget har hatt siste åri. Serleg må ein framheva Arve Thunshelle som fotballforbundet no har fått auga på.
Jotun har hatt mange gode spelarar i desse åri. Desse har fenge fotballkrinsens spelemerke: Anders Hestetun, Kristian Hestetun, Alf Moen, Sigmund Øren, Magnus Hestetun, Gudmund Hestetun, Egil Moen, Arnold Øren, Sverre Hestetun og Kåre Sterri.
Egil Moen er den som har flest seniorkampar, og Anders Hestetun har vore flinkaste å laga mål.
1973 er jubileumsår, og ein vil difor vona at laget vil gjera eit ekstra krafttak, for å koma på gamle høgder. Spelematerialet er i orden, berre det vert rett utnytta.
Og til slutt ei oppmoding: Prøv å gå like ivrige inn for treningi, som desse 3 karane som er nemnt fyrst i denne soga. Då vil det bli resultat.