50-åri
23. desember 2012
Nesten opprykk
23. desember 2012
Vis alt

Sogn og Fjordane med i serieordningi

Sogn og Fjordane vart rekna for «fotballens mørke fastland». Og det møtte ikkje so lite motstand då krinsstyret i 1959 tok opp saki med å koma med i serieordningi, serleg frå Bergenslagi. Dei ottast vel dei kostbare reiseutgiftene. Men i 1962 gjekk det i orden. Æra for dette må ein gje til Karsten Skuggen Hoff og Thor Wormsen.

Det var med stor spaning ein såg fram til sesongen 1963. Dette året skulde Jotun, som fyrste laget frå Sogn og Fjordane spela i 3. divisjon, saman med lag frå Bergen og Hordaland. Treningi vart drive hardare enn nokosinne, under leiding av Eivind Skjerven. På grunn av usikre økonomiske vilkår, og at ein måtte reisa heile 7 turar til Bergen, vart det satsa lite på privatkampar denne våren. Dette kom og til å visa seg, då laget i fyrste seriekampen, møtte Årstad i Bergen. Det vart heile 5 baklengsmål. Og då kom det fram at kamptreningi var for dårleg. Men det viste seg at laget var populært i Bergen. For kampen hadde samla rekordpublikum for 3. divisjon dette året.

tw og oddp

Men etter kvart gjekk det betre. Og etter vårsesongen vart det 7 poeng på 8 kampar. Og om hausten 10 poeng etter 6 kampar. Laget kom på 4. plass ved å slå Varegg 5-2 i siste kampen. Då grasbana ikkje var i orden, måtte kampane i 3. divisjon spelast på Årdalstangen, men det gjekk alikevel bra økonomisk.
Um sumaren hadde laget vitjing av det kjende danske laget Boldklubben av 1903. Det vart tap, men fekk rosande uttale. I cupmeisterskapet gjekk det ikkje bra. Det vart tap før Os i 2. runde. Ellers vart junior- og gutelaget krinsmeistrar dette året. Gutelaget hadde heile 45-3 i målskilnad.
I 1964 var Reidar Helgesen trenar. Kampane måtte og denne våren spelast på Årdalstangen. Diverre var det mykje skade blant spelarane dette året. Men det var alikevel 4. plassen med 17 poeng og målskilnad 31-27.
fotballfest

Den 7. juni vart grasbana teke i bruk. Det var 1. runde kamp mot Hamarkameratane. Diverre med tap.
I september gjorde laget si fyrste utenlandsreise. Turen som var ordna gjenom «Sjømannsvelferden» gjekk til Rotterdam og Antverpen. Det vart spela kampar mot skipslag, og dessutan møtte dei Start, Kristiansand, der resultatet vart 2-2. I alt var 16 mann med. Og det vart nytta fly båe vegar. Turen vart av alle rekna for reine «Drømmereisen».
Men det var i grunn juniorlaget, som sette sitt «preg» på sesongen. I N. M. kom laget til 3. runde, der det vart tap for Lillestrøm på heimebana. Men med litt hell burde dei ha kome lenger. For dette laget spelte verkeleg god fotball.
I krinslagsturneringen i Horten, var det med 4 spelarar frå Jotun, og dessutan vart Odd P. Hestetun, som den fyrste frå Sogn og Fjordane uteken på landslaget mot Danmark og Sverige. Elles spelte laget «tippekamp» og dette året mot Gjøvik/Lyn. Desse kampane hadde i grunnen ikkje nokon sportsleg verdi. Men det gjorde bra for økonomien.
Frå 1. november 1964 vart dansken Svend Age Olsen tilsett som trenar. Målet denne sesongen var å toppa 3. div. Dei greidde diverre ikkje det, men ein hederleg 2. plass etter Baune, med 17 poeng og målskilnad 22-14.
Men det var i cupen laget skulde gjera sine bragder denne sesongen. I 2. runde skulde laget møta Frigg på Ullevål. Dette var fyrste gongen Jotun vitja Oslo. Men diverre vart ikkje mottakingi slik ein hadde venta av «Byen med det store hjertet». Dette kom då og fram i pressa etterpå. Serleg avisene utanbys gjordet stort nummer av denne kampen. Resultatet vart 1-1, men av det «nøytrale» publikum vart det uttalt at Jotun burde vunne. Omkampen sto i Årdal søndagen etter. Og denne gongen vart det «Fotballfest mellom Vestlandsfjell», som det sto med stort oppslag på fyrste sida i Aftenposten. Fjernsynet var der og, og det var rekord når det gjaldt publikum, ca. 2.200. Det vart diverre tap etter bra innsats, men namnet Jotun vart då for ein gong skuld kjend utanom Sogn. B-laget vart krinsmeister i 5. div. ved å slå Haugen 6-2 i finalen. Og det same greidde juniorlaget, men vart utslegne i 1. runde i N. M. av Gjøvik/Lyn. Gutelaget kom til finalen, der dei tapte for Måløy. Økonomisk gjekk det bra denne sesongen og, med eit lite overskot.