Medlemskontigent
27. desember 2012
Informasjon 6. divisjon herrer
27. desember 2012
Vis alt

Treningsavgift

Etter mandat frå årsmøtet har hovudstyret i IL Jotun vedteke treningsavgifta for idrettslaget tom det året ein fyller 16 år. For inneverande år vil det seie tom 1996 årgangane. Du betalar ei treningsavgift uavhegig av kor mange idrettar du er med i. Utøvarar tom dei som fyller 9 år i 2012 betalar direkte inn til allidretten, men siste halve året betalar dei halv treningsavgift allidrett og halv treningsavgift inn til hovudlaget.
Utøvarar f.2010 – 2007 skal betale kr. 150,- pr. år til konto:3730.25.04769
Utøvarar f.2006 – 2003 skal betale kr. 300,- pr. år til konto:3730.25.04769
Utøvarar f.2002 skal betala kr. 800,- pr. år til konto 3730.02.66267
Utøvarar f.2001 – 1999 kr. 1.300,- pr. år til konto 3730.02.66267
Utøvarar f.1998 – 1996 kr. 1.600,- pr. år til konto 3730.02.66267
Som ei eingongspakke får utøvarane som betalar full treningsavgift for fyrste gong ein “Jotungensar”. For i år gjeld dette i hovedsak dei som er født i år 2001. Dei som skal ha gensar kan henta denne på Sporten – det vil koma liste der. Denne vil bli ajourholdt etterkvart som betalingane kjem inn (kan ta litt tid).
Søskenmoderasjon: 25% reduksjon for søsken nr. 2. 50% reduksjon for søsken nr. 3 og evt. 4 og 5). Det er ingen søskenmoderasjon på innbetalingane til allidretten. Moderasjon vert på lågaste avgift. Inntekta som treningsavgifta gir, blir delt mellom gruppene i IL Jotun og skal vere eit bidrag til å dekke gruppene sine utgifter til arenaleige, dommarutgifter og påmeldingsavgift/kontingentar.
IL Jotun