Årdal United mot proffar frå England
5. januar 2013
Bilete frå 1937-1970
5. januar 2013
Vis alt

Sogndal-Jotun (1966)

— Den kampen gløymer eg aldri. Å møta Sogndal var stort og me var heiltende. Det var ei stor æra å vinna med Jotun, og spesielt mot Sogndal, fortel Sigmund Øren med 504 kampar frå 1958 til 1981 for dei grøn-raude.
Jotun fekk corner, forresten heilt korrekt dømt av legendariske Anders Holvik. Gudmund Hestetun la ballen inn mot SIL-buret og keeper Per Ingar Sviggum.
— Eg ser enno for meg då ballen kom siglande inn framfor mål. Det var berre å ta sats og koma først på ballen. Kan tru det var artig å lura han Sviggum´en, mimrar ein ivrig Øren.

Storebror Jotun

jotunveteraner500
Det var kring 1500 tilskodarar på Fosshaugane denne mai-dagen i 1966. Jotun hadde tre sesongar bak seg i 3. divisjon og var utan tvil storebror på fotballbana. Eit par hundre årdøler gjorde som vanleg mykje av seg, både lydmessig og elles. For oss unggutar var det stort å vera vitne til dramaet som gjekk føre seg ute på ”krukkesletta”. Det stod nemleg respekt av Jotun som året før pressa elitelaget Frigg til NM-omkamp i Øvre Årdal.

Suveren Øren
Ein av spelarane heva seg suverent over alle dei 21 andre i denne kampen. Sigmund Øren, Kongen på Fosshaugane. Jotun vann til slutt 4-3 i eit fotballdrama slik det høver seg to erkerivalar. SIL-spiss Finn Melsæther bomma frå straffemerket etter Egil Moen-hands, Odd P. med venstresleggja hamra inn eit av Jotun-måla frå 30 meter. Det hjelpte ikkje at Johan Johannessen laga to mål for Sogndal. Keeper Oskar Lilleøren stod og godt i sitt 40. år!
Sigmund likar ikkje å skryta over eigne prestasjonar, men var nøgd då dei slo Sogndal.

— Ja, det fungerte fint, og på den tida var eg kanskje på mitt aller beste, meiner Jotun-strategen som styrte Jotun-skuta frå sin midtbaneposisjon.

— Det var ein tøff kamp, slik eg har opplevd det mange gonger i desse lokaloppgjera. Moro å tenkja tilbake på, mimrar Sigmund Øren.

Ekstraomgangar i Fjøra
Og etter kampen var det klart for meir drama. Denne gongen i Sogndalsfjøra der det var tendensar til ”vill vest” og ”ekstraomgangar”. Klart årdølene hoverte aldri så lite etter siger mot Sogndal. Dermed vart det litt knuffing, for å seia det pent!
Men best av alt hugsar eg Sigmund og hans eminente midbanespel. Jotun-strategen gjorde eit usletteleg inntrykk.