Dommarar IL Jotun
12. januar 2013
Jotun supporterklubb
13. januar 2013
Vis alt

To sat fast i stengd butikk

ÅRDAL: -Dei tok det med godt humør, og dei er velkomne tilbake, seier Frank Eldegard, innehavar av Møbelhuset Idé i Øvre Årdal. Laurdag var han ute for det største marerittet ein butikkmann kan oppleva: Å gløyma att kundar i butikken etter stenging.

SA: Terje Eggum

For Frank Eldegard måtte to viktige omsyn gå i hop denne ettermiddagen, butikkstenging og kampstart på Jotun Stadion. Det var ei stram line han måtte balansera, det magiske klokkeslettet var klokka 14.

Var litt i tvil
– Kassadama mi var i tvil, ho kjende vel på seg at ikkje alle var ute likevel, seier Frank Eldegard. Men den utolmodige innehavaren, som såg føre seg kampstart på stadion klokka 14, var sikker nok i sin sak. Og for å gje eventuelle etternølarar ein sjanse, sa han høgt utover i butikken: -Dei som er att her inne no kan vaska golvet i helga.

Lukkeleg uvitande
Men dei to kvinnene som framleis var i Møbelhuset Idé i Øvre høyrde ikkje kva som vart sagt. Frank Eldegard sin butikk har to etasjar, og dei to som møtte stengd dør, frå innsida, var i feil etasje, kunne ein seia. Butikken vart stengd og Frank Eldegard gav seg snøgt i veg til stadion, der Gjøvik/Lyn var motstandar. Han var lukkeleg uvitande om at to kundar framleis var i butikken.

Ingen handel
Og kva skjedde vidare? – Dei to fann ein telefon og ringde omkring til dei fekk hjelp. Ein onkel til kompanjongen min fekk vita kva som stod på. Han kom «strake vegen» til stadion og henta meg, sidan mobiltelefonen låg att i bilen.

– Og då var det full fart attende til butikken?
– Ja, og heldigvis tok dei to kundane min det heile med godt humør.
-Vart det handling då? – Nei, situasjonen var ikkje nett slik.

Jotun vann
Dei fekk ein halv time ekstra opphald inne i butikken. Men dei to lærdølene lot seg ikkje bringa ut av fatning, og då dei fekk vita at butikkeigaren hadde forsømt dei til fordel for Jotun, var det berre smil og tilgivelse å henta. Og no er fotballsesongen over i Årdal. Faren for at møbelkundar skal bli låst inne er såleis kraftig redusert, men det er tv-kampar utetter vinteren. Og Jotun vann med 4-1.

WP_000094

Frå Sogn Avis 20. oktober 1997