Knøttevideo av 2005 kullet, 2012 #2
16. januar 2013
Fotballfest for veteranar i 1992
17. januar 2013
Vis alt

Oppstarten – Årdal skilag

IL Jotun er 90 år i 2013, men ikkje alle veit korleis laget oppstod. Difor vil det frå tid til anna kome nokon historiske artiklar på heimesida.

Like før påske i 1922 vart det halde eit skirenn på Sletterust. Den drivande krafta var Arthur Heggen frå Harstad, som var tilsett ved anlegget til A/S Tyinfallene. Han var både ein drivande skilaupar og hoppar, og fekk mykje å seia for skiidretten i bygda i denne tida. A/S Tyinfallene viste velvilje for skiidretten, då dei visste det ville vera av stor verdi for tunnellarbeidarane å koma ut i frisk luft.

Dette var fyrste spiren til Øvre Årdal Skilag som vart stifta 30. mars 1923. Møtet, som vart halde i Ungdomshuset på Farnes, hadde godt frammøte. Det melde seg straks 25 medlemmar, og eit styre vart sett ned (biletet under).

fyrstestyret-450x196

A. Holsæter, Tomas P. Vee, Olav Seim, Ola P: Vee, Mathias Øvstetun

Lovene for laget vart vedtekne i eit seinare møte, her er dei fyrste 3 paragrafane:

1. Laget heiter Øvre Årdal Skilag, skipa 30. mars 1923

2. Fyremål:
A. Aa arbeida for å spreida interessa for skiidretten i bygda
B. Aa fremja kameratsleg samver

3. Medlemmar:
Medlem kan kvart heiderleg menneske verta når det har fyllt 16 år. Yngre kan ogso takast opp, men utan røysterett. Utmeldinga av laget må gjerast skriftleg til styret. Alle medlemmer hev med opptaking i laget teke på seg plikt til å fylgja dei fyresegner og lover laget set. Gjer ein lagmann mot lovene eller verkar til skade for laget, eller verta saka i ufolkeleg åtferd, kan styret stengja han ute av laget i opptil 5 år.

17. april 1935 vart «Fotballaget Jotun» stifta. Initiativtakarar var handelsstyrar Martin Wigum og bakar Ingolf Olsen ved Øvre Årdal Samvirkelag. Møtet, som og vart halde i Ungdomshuset på Farnes, samla mange interesserte fotballsparkarar. 30 medlemmer melde seg på møtet, og vedtok samrøystes å skipa lag. Følgjande styre vart valgt: Formann Ingolf Olsen, nestformann Sig. Ottar Øren, kassestyrar Bartolv Vetti, skrivar Olav N. Hæreid og styremedlemmar Erik O. Vee og Georg Øvstetun. Etter framlegg frå Olav N. Hæreid vart det vedteke samrøystes å kalla laget : Fotballaget Jotun.

martinwigum

10. juni 1945 vart Øvre Årdal Skilag og Fotballaget Jotun slege saman til Idrottslaget Jotun. I tillegg til fotball og ski, vart og friidrett teke inn i laget.

Informasjon og bilete i denne artikkelen er henta frå  IL Jotun – 50 år, utgjeven i 1973.