G13 heilt til topps!
18. januar 2013
Vinterserierunden for jenter junior avlyst
21. januar 2013
Vis alt

Jotun+ÅTIL=Sant!

jotunaatilintro

Den siste tida har Jotun og Åtil jobba for å få til eit best mogleg tilbod til jente- og damefotballen i bygda. Utfordringane har vore at når jentene vert 17 år, så har dei hatt eit begrensa tilbod for vidare satsing. I fjor hadde ÅFK eit tilbod til 7ar fotball, men i år er det og behov for 11ar fotball ut frå antal aktive spelarar og tidlegare erfaringar på fotballbana.

 

For å kunna ha ei god nok rekruttering til både 11ar og 7ar, så har Jotun og ÅTIL saman søkt kretsen om løyve til å stille 2 samarbeidslag. Eit 11ar lag i 3. divisjon og eit 7ar lag i 4. divisjon.

Det betyr at alle spelarar i Jotun og ÅTIL som er fødde i 1998 eller før kan spele for begge desse laga, og samstundes spele for sitt eige jentelag.

Etter nokon rundar med SFFK, so er følgjande svar kome frå dei bestemmande myndigheiter:

«Søknaden om samarbeidslag i 3. divisjon damer og 4. div. damer Jotun/ÅTIL  og Jotun/ÅTIL2 – er innvilga.

Følgjande gjeld for samarbeidslag:
– Førstelaget (11-ar)  kan spele om KM-tittel og rykke opp i 2 . divisjon.
– Andrelaget (7-ar) kan spele om KM-tittel
– Laget kan delta i Innandørs KM
– Samarbeidet for laga gjeld for eit år, og må søkjast om for kvart år.»

Det praktiske rundt laga, som trening og kampleiing, vert avklara i næraste framtid.