Vinterserien jenter junior denne helga
8. februar 2013
Årsmøte Jotun fotball
11. februar 2013
Vis alt

Førde vinnar av Vinterserien junior jenter

Førde jenter junior, vinnarar av Vinterserien 2013

Førde gjekk ubesigra gjennom Vinterserieturneringa i dag, og stakk med det av med KM-tittelen i klassen. Med 9-0 i målskilnad kunne dei heve pokalen etter at Florø var besigra i den siste kampen. Kampane vart avvikla i sterk kulde, noko som sjølvsagt og prega spelarane.
Samarbeidslaget mellom Jotun/ÅTIL/Lærdal gjorde og ein god turnering. Etter 5-0 mot gode Førde, slo laget tilbake med 2-0 over Florø. Jenny Hovland skåra begge måla i denne kampen. Kampen mot Stryn var svært jamn og kunne vippa begge vegar. Stryn skåra sigersmålet på eit frispark like før pause. Sjølv om heimelaget pressa på, so vart det med den eine skåringen og 3 poeng til Stryn.

Her er resultata:
Førde-Jotun/ÅTIL/Lærdal 5-0
Florø-Stryn 0-3
Jotun/ÅTIL/Lærdal-Florø 2-0
Stryn-Jotun/ÅTIL/Lærdal 1-0
Stryn-Førde 0-2
Førde-Florø 2-0

Førde jenter junior, vinnarar av Vinterserien 2013

Førde jenter junior, vinnarar av Vinterserien 2013