Knøtteturnering 2013 Jotun Stadion
28. april 2013
Poengdeling i serieopninga
30. april 2013
Vis alt

Seriestart i 6. divisjon

Jotun sitt seniorlag i 6. divisjon serieopnar tysdag heime mot Balestrand 2. Det unge laget har hatt ein god treningsvinter, og ser lyst på den komande sesongen.

Laget består i hovudsak av spelarar frå 16-19 år, og er frå Øvre Årdal, Årdalstangen og Lærdal. Trenarar for laget er Johann Traustason og John Valsvik.

Johann Traustason og John Valsvik er klare for ein ny sesong

Johann Traustason og John Valsvik er klare for ein ny sesong

– Me har trent godt i heile vinter, og har dobla treningsmengden frå i fjor. Me har i år hatt meir fokus på fysisk trening enn i fjor, og mange av spelarane har hatt stor framgang  seier trenar John Valsvik.

– Treningsoplpmøtet har vore upåklageleg, me har og fått med eit par veteranar som kan vere rollemodellar for dei unge. Truleg vert det endringar i spelarstallen til hausten, då ein del av ungdomane skal vidare på skule, legg Valsvik til.

Laget satsar på å bite godt frå oss i divisjonen, i fjor enda dei på ein flott 2. plass.

Laget er eit breiddetilbod som IL Jotun starta opp i 2012, og har som hovudmålsetjing å aktivisere ungdom som ynskjer å ha fotball som ein hobby.

Møt opp på Jotun Stadion tysdag 19:00, og støtt dei unge Jotunspelarane i seriestarten! Det vert som vanleg sal av kaffi og kaker på heimekampane.