OPPDATERT 4.8. – Dugnadsliste Målrock 2015
4. august 2015
Program TINE fotballskule
17. august 2015
Vis alt

Siger til gutelaget

Haustsesongen vart sparka i gang i ettermiddag med eit lokaloppgjer mot ÅTIL i 9ar fotball. Strålande vêr og mykje tilskodarar laga ei fin ramme for gutane frå bygda, som på si side sytte for mange fine prestasjonar og flotte skåringar.

Kampen var jamnspela i fyrste omgang, med eit sjansemessig overtak til Jotun. Fyrste skåringa kom etter 24 minuttar, då Jesper Lågåen krangla ballen i mål frå kort hald. 10 minuttar seinare utlikna ÅTIL etter eit fint angrep, Stian Hellebø var målskårar. Dagens mål var det heimelaget som sytte for. Ei flott opprulling havna hjå Stian Larsen på kanten, og eit strålande innlegg sette Petter Sandvik kontant i mål på bakerste stolpe. 2-1 vart og pauseresultatet.

2. omgang starta med eit kjappt mål frå Håkon Haglund og Jotun, men etter dette tok ÅTIL over. I løpet av 8 minuttar sette dei 3 ballar i nota, 2 frå Stian Hellebø og eit frå Tobias Herstad, og leia då 3-4. Det tok 10 minuttar før Jotun fekk rista av seg sjokket, og med Håkon Haglund si utlikning til 4-4 snudde kampen på ny. Erik Steinegger sette eit straffe sikkert i mål til 5-4, før Faisal Al Bayoumy skåra 2, og Sverre Myklevold fastsette sluttresultatet til 8-4 på eit flott langskot.

Honnør til spelarane frå begge lag, ein finspela kamp i beste Fair Play ånd!

Kampfakta:
1-0, 24 min. Jesper Lågøen Øvstetun
1-1, 34 min. Stian Hellebø
2-1, 37 min. Petter Sandvik
3-1, 41 min. Håkon Haglund
3-2, 44 min. Stian Hellebø
3-3, 48 min. Tobias Herstad
3-4, 51 min. Stian Hellebø
4-4, 60 min. Håkon Haglund
5-4, 65 min. Erik Steinegger (straffe)
6-4, 71 min. Faisal Al Bayoumy
7-4, 73 min. Faisal Al Boyoumy
8-4, 76 min. Sverre Myklevold

God dommar var Geir Frode Rudi.

Alle bilete er tekne av fotograf Jan Ove Skjerping, som og har ei rad med supre bilete på Facebooksida si https://www.facebook.com/pages/Janos-foto/1549861191937725?fref=ts

Klikk på bileta for å få dei i full størrelse!

haakon

sondre2

bjarte

sondre