Haustsesongen er i gang
18. august 2015
Treningsavgift
3. september 2015
Vis alt

Tap i fyrste kampen

Stian Larsen og Stian Laberg jublar etter skåring mot Sogndal

Vårt nykomponerte gutelag tapte i kveld 6-4 borte mot Sogndal 2 i 2. divisjon. Sigeren til Sogndal var fortent, men våre gutar er trass tap nøgde med innsatsen.

Jotun starta best og dominerte dei fyrste minuttane av kampen. Etter 6 minuttar fekk me frispark like utanfor 16-meteren, og dette vart ekspedert i mål av Nicolai Laberg. Etter skåringa tok Sogndal over, og det var ikkje ufortent at utlikninga kom. Minuttet etterpå utnytta heimelaget litt slappt forsvarsspel, og kunne gå opp til 2-1. Sogndal auka og til 3-1 på ein kårner etter 26 minuttar.

10 minuttar ut i 2. omgang kom det ei redusering, Stian Laberg sette ballen sikkert i mål frå 11-meteren etter ein hands i SIL-forsvaret. Som i fyrste omgang så tok Sogndal over banespelet, og fekk 2 kjappe mål på 2 minuttar og auka til 5-2.

Etter desse skåringane vakna gutane våre til liv igjen, og reduseringa til 5-3 var rett og slett strålande. Midtstoppar Erlend Sæbø braut eit oppspel, la direkte ut til Stian Laberg. Laberg gjekk til linja, og eit hardt og lågt innlegg vart dundra i mål av Stian Larsen! Same mann var frampå 2 minuttar seinare etter nok eit flott gjennomspel, og plutseleg var det 5-4 og kamp om poenga.

I siste speleminutt kolliderte 2 Jotunspelarar, og Sogndal kunne trille inn 6-4 og ein fortent siger.

Stor ros til samtlege gutar, dei viste at øving gjer meister, og at ballen framleis er rund!

Kampfakta:
0-1 6 minuttar, Nicolai Laberg
1-1 10 minuttar Anders Nord
2-1 11 minuttar Thea Bjelde
3-1 26 minuttar Andrea Flo
3-2 50 minuttar, Stian Laberg (straffe)
4-2 64 minuttar Jon Skjerdal
5-2 65 minuttar Anders Nord
5-3 74 minuttar, Stian Larsen
5-4 76 minuttar, Stian Larsen
6-4 79 minuttar Jon Skjerdal

Jotun stilte med:
Emil Henjum
Erlend Sæbø
Faisal El Bayoumy
Håkon Haglund
Nicolai Laberg
Sondre Øvregard
Stian Larsen
Sverre Myklevold
Stian Laberg
Jørgen Natvik
Benedikt Arsenault
Sondre Hatlenes
Eirik T. Øren

Erik Steinegger var og med, men spela ikkje grunna ein skade.

Foto: Endre Romøren