Klubbhandbok
6. september 2015
TINE fotballskule laga video
7. september 2015
Vis alt

Turnsesongen i gang igjen!

Færebels har me ikkje fastsett faste treningstider, da ein del av ungane er med på fleire aktivitetar og alle har ikkje fått fastsett treningstider enno.

Fram til haustferie er det slike treningstider (oppdaterte treningstider vil alltid ligge på denne linken):

Tysdagar. 6 – 7 klasse kl 19:00-20:15
Torsdagar 8 klasse og eldre kl 19:45-21:00
Søndagar 8 klasse og eldre kl 17:30 – 18:45

 

Me er alt begynt å førebu oss til KM som skal arrangerast av Skavøypoll idrettslag. I fjor fekk rektruttane til Jotun ein flott sølvmedalje i tumbling, noko me tykkte var veldig stas.

Jotun vil delta med dei utøvarane som var med i fjor, men i tillegg vil vi prøve å få til enno eit lag.  Ikkje alle ynskjer å vera med, medan andre har veldig lyst.

Ved sida av det har Turngruppa stort fokus på utdaning av trenarar.  Dette arbeidet hastar da Norges Idrettsforbund har fastsett nye reglar gjeldande frå 2016, der alle grupper må ha mist ein som er trenar 1 utdanna i sal til eikvar tid.