Turngruppa med flott juleoppvisning
17. desember 2015
Trampett kurs 13.-14. februar 2016
18. januar 2016
Vis alt

Sara og Marte uttekne på kretslaget

Både Sara Brandsdal og Marte Hollevik er uttekne i SFFK si kretslagsgruppe i perioden 1. januar-31. juli 2016. Sara er utteken både på J15 og J16, medan Marte er utteken på J14.

Kretslaga har både samlingar og kampar i denne perioden. Troppane som no er tekne ut er bruttotroppar. Det betyr at alle desse møter på treningssamlingane, medan det til kampane vert tekne ut ein tropp på 16 spelarar.

IL Jotun fotball gratulerer begge jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke til både på samlingar og kampar utover vinteren og våren!

Marte Hollevik er utteken på J14 kretslaget.

Marte Hollevik er utteken på J14 kretslaget.