Klart for KM-kvalifisering Futsal!
5. februar 2016
Trekning KM-lotteriet
16. februar 2016
Vis alt

Medlemsregistrering Min Idrett

I desse dagar driv Jotun og legg opp nytt medlemsregister system.  For å vera førebudd ber me om at alle som er i aktivitet i IL Jotun registrerer seg i Min Idrett.  Dei som ikkje har profil, kan logge seg inn på  www.minidrett.no og opprette profil. Ein kan opprette ungane på ein av foreldra sin profil. Det er alltid litt ekstra arbeid i starten når nye rutinar og system skal på plass. Komitèen for medlemsregistrering har fått inn medlemslister frå gruppene og me er i ferd med å legge desse inn i systemet.  Etter kvart ( me håpar på i innan utgangen av februar) vil alle medlemane vera på plass i systemet. Betaling av medlemskontingent vil skje gjennom dykkar brukar i Min Idrett.

Me veit også at det er nokre som ikkje ynskjer å bruke data for å vera medlem i Jotun. Da tenkjer me spesielt dei som ikkje er i aktivitet i gruppene, men vil vera medlem for å støtte laget. Me lagar også løysing til dykk, slik at de slepp å bruke nett om de ikkje ynskjer det 🙂

Treng de hjelp til å opprette profil, vil me sitje i klubbhuset ein ettermiddag neste veke, me kjem tilbake med tidspunkt.

Lukke til !