Fotballen i gang!
2. mars 2016
Oppdatert dugnadsliste Barneturnstemne 2016
22. mars 2016
Vis alt

Æresteikn i Jotun

Æresteikn 2016

Under laget sitt årsmøte i mars , vart det utdelt hedersteikn til to personar som har lagt ned ein lang og god innsats for IL Jotn. I teksten om dei kan ein lese:

Ingeborg Hjelle: Ingeborg har sidan 2005 vore ein aktiv støttespelar i turngruppa. Gruppa har hatt stor glede av innsatsen hennar som trenar, styremedlem og dugnadsansvarleg. Ingeborg er og styremedlem i friidrettsgruppa, vore trenar og oppmann i handballgruppa. Og sist, men ikkje minst – vore primus motor for å få på plass att symjegruppa til Jotun. 

Kai Wigum: Kai har vore med i fotballgruppa sidan 2008 der han også er nestleiar. Kai er svært engsjert i arbeidet i fotballgruppa der han mellom anna har stått i leiinga for å få Jotun fotball kvalifisert som kvalitetsklubb. Han er ofte å sjå på treningsfeltet, og gjer ein kjempejobb for at flest mogleg tykkjer det er kjekt med fotball. Han jobbar og aktivt med å hindre fråfall i ungdomsalder. Kai er også utdanna med UEFA-C og UEFA-B. Den nye flotte heimesida til IL Jotun er det også Kai Wigum som er arkitekten bak.

IL Jotun gratulerer begge dei to med utmerkinga. Det er vel fortent !