Seriestart 21.april
31. mars 2016
Oppstartsmøte knøttefotball
7. april 2016
Vis alt

Grunnkurs i DHLR i klubbhuset

22 deltakarar frå ulike grupper i IL Jotun gjennomførde i kveld grunnkurs i DHLR. DHLR er forkortinga for Hjerte-lungeredning med hjertestartar. Kurset er todelt, fyrst må deltakarane gjennom eit e-læringskurs og deretter er det praktisk kurs med dokker og hjertestartar.

Prosjektet med DHLR starta med at Sparebank 1 gav fotballgruppa 25000,- i gåve til hjertestartar og kurs. Deretter hengde Indre Sogn Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane seg på og støtta med 10000,- kvar. Det betyr at det no er investert i 2 nye hjertestartarar på anlegget rundt Jotun stadion. Ein vert hengande inne i hallen, den andre ute ved kunstgrasbana. I tillegg har mange no tilegna seg viktig kompetanse for å kunne nytte dette utstyret.

IL Jotun vil rette ei stor takk til bankane som har sponsa kurset og utstyret!

issbsparebank1 ssf

Svært dyktige instruktørar på kurset var Kristjan Arnason og Anne Rachel Øren

Svært dyktige instruktørar på kurset var Kristjan Arnason og Anne Rachel Øren

IMG_7964 IMG_7967 IMG_7983