Rekrutteringsdommarkurs fotball
9. mai 2016
Hege på årets lag!
11. mai 2016
Vis alt

Målfest for jentelaget

1-20160509_203322

IL Jotun sitt J15/16 lag spela i kveld sin 3dje seriekamp for sesongen, og motstandar i kveld var Sandane. Heilt frå avspark tok Jotun initiativet, og alt etter 5 minuttar stod det 1-0. Ein kårner vart ekspedert kontant i mål av Sara Brandsdal. Heimelaget fortsette å presse på, og etter 13 minuttar sytte Kjersti Hestetun for 2-0 då ho sette ballen kontant til side for Sandane sin målvakt. Kampens finaste mål var det Ine Myrland som fekk æra av å sette inn etter ei flott opprulling på høgresida. Jentene spela seg til linja og la ballen 45 grader ut, der var Ine på rett plass og sette ballen i mål. Like før pause fastsette Kjersti Hestetun pauseresultatet til 4-0.

2. omgangen starta som den fyrste slutta, med ei stort press frå Jotunjentene. Ingrid Øvstetun og Sara Brandsdal auka til 5-0 og 6-0 før Sandane tok tak i kampen. To kjappe reduseringar frå Martine Jakobsen sytte for litt spenning i kampen, men etter å ha ridd av eit Sandanepress i 10 minuttar tok heimelaget fullstendig over og valsa over bortelaget. Kjersti Hestetun la på til 7-2, Sara Brandsdal til 8-2, Augusta Luggenes til 9-2 og Ine Myrland til 10-2 og 11-2.

Spelemessig var dette årsbeste frå jentene, og det vert no spanande å følja laget vidare i seriespelet. Det var mange gode på heimelaget, men om nokon skal få litt ekstra skryt so går den til Kjersti Hestetun.