Laurdag er det sesongstart!
9. september 2016
Månadens Fair Play til Jotundommarar
13. september 2016
Vis alt

Flott sesongstart for J14

Jenter 14 sesongdebuterte i Årdalshallen i dag, og for ein start dei fekk! Fyrste kampen mot Florø 2 vann dei 17-13, og dei hadde mange flotte skoringar frå ulike posisjonar på bana. Trenar Harald Husabø og oppkvinne Ellen Veum har all grunn til å vera nøgde med jentene.

I den andre kampen møtte Jotun-jentene, som er eit blanda lag med jenter både frå Øvre og Tangen, eit tøffare Florø 1 lag. Denne kampen tapte Jotun 6-11.  Det er nok tøft med 2 kampar på rad, og jentene virka noko slitne i 1 omgang. Då jentene entra parketten i 2 omgang, var det tydeleg at Husabø hadde gitt dei nokon velvalde råd.  Det var eit heilt anna lag som kom på bana i andre halvleiken. Jotun jentene vann 2. omgang, men opphentinga mot eit godt Florø lag starta diverre litt for seint.

Alt i alt ein flott sesongopning av jentene, og det vert moro å fylgja denne gjengen vidare i sesongen.