Tusen takk!
14. september 2016
Flott siger til J13/14
21. september 2016
Vis alt

SYMJETRENING

Endeleg opnar innebassenget, og me startar opp symjetreninga TORSDAG 22.  september kl 16:00

Treningstider blir:
Måndag kl 16:30 -18:00
Torsdag kl 15:30 – 17:00 ( NB; oppstartstorsdag kl 16)
Fredag kl 16:00 – 17:00

Aldersgruppe frå 5 klasse og oppover.  4 klassingar som er symjedyktige ( er de i tvil ta kontakt med gruppa) kan og få bli med. Det blir i år eit breitt tilbud, der det er lov å bli med på ei, men helst to eller tre treningar i veka.  I år har me 4 nye trenarar,  Erlend Andreas Søderlund, Anita Laberg Øvstetun, Ruth Laberg og Kurt Jevnaker, som skal dele på treningane. Dei gler seg veldig, så dette skal bli bra! Aktivitetar framover blir stemner, treningshelg og treningstur til Lustrabadet no før jul.

Symjing er svært god trening som passar for alle. Ikkje minst er det super basistrening til andre idrettar. Me ynskjer fleire med  i gruppa,  så de er alle hjarteleg velkomne. Håpar fleire frå Tangen og vil bli med. Etter treningane kosar me oss av og til med noko godt.
Det er lov å ta ein prøvetime før ein bestemmer seg.

ME TEK EIT FORELDREMØTE I FOAJEEN TIL ÅRDALSHALLEN PÅ SAME TID SOM OPPSTART, 22.09 KL 16.00

VEL MØTT !! Ta gjerne kontakt på tlf 41 48 08 86 om noko er uklart.

symjing