SYMJETRENING
20. september 2016
Styret i handballgruppa 2016
23. september 2016
Vis alt

Flott siger til J13/14

J13/14 laget til Jotun møtte i ettermiddag Syril heime på kunstgraset på Jotun stadion.  Jan Ove Skjerping, som har sendt oss flotte bilder frå kampen, har fylgjande å melde frå stadion:
Syril hadde eit par sjansar i fyrste omgang som Selma stoppa med gode redningar. Etter fyrste omgang var stillinga 0-0.

Jentene gjekk har ut i andre omgang om flytte spelet høgare opp på bana og fekk belønning for det. Augusta sette inn 1-0 tidleg i omgangen. Syril utlikna deretter og det stod 1-1 på Jotun stadion.  Spelet bølga att og fram, og Jotun kunne gått opp i leiinga att etter eit kjempeskot frå Marte som small i tverrliggaren.

Seiersmålet kom etter fint spel mellom Leah og Augusta, der Augusta til slutt sende av eit skot som enda i mål.

Ein KJEMPEKAMP av alle saman i kveld, ein ekta lagsiger.

Tusen takk til Jan Ove for lån av bilder.