Styret i handballgruppa 2016
23. september 2016
70 års markering for handballen i Jotun
1. oktober 2016
Vis alt

J15/16 klare for KM-sluttspelet

Før kampen i kveld var utgangspunktet greitt. Jotun og Førde kjempa om den siste slutsspelsplassen i klasse J15/16, og med uavgjort eller siger ville Jotun kapre denne. Siger til Førde ville sikra bortelaget den siste plassen.

I 1. omgang var det Jotun som hadde det meste av banespelet. Laget pressa Førde høgt, og skapte fleire farlege situasjonar framfor Førde sitt mål. Diverre var spelarane ikkje nøyaktige nok på den siste tredjedelen, og dei fleste forsøka havna enten utanfor eller i fanget på Førde sin målvakt.

2. omgang starta som den fyrste slutta, med eit press frå heimelaget. Til slutt fann Ingrid Øvstetun nettmaskene då ho tuppa ballen kontrollert forbi målvakta til Førde. Etter dette vakna Førde til liv, og resten av kampen var det dei som pressa på. Dei fekk tidleg ei utlikning, og fortsette å presse heimelaget bakover på bana. Dette gav og Jotun gode kontringsmoglegheiter, men diverre klarde ikkje heimelaget å utnytte dette.

Kampen ebba ut med 1-1, noko jublande Jotun-jenter var strålande nøgde med. Det betyr semifinale borte mot Syril neste måndag, ein kamp både spelarar og trenarar gledar seg stor til!