70 års markering for handballen i Jotun
1. oktober 2016
Publisering av bilder og videoar
19. oktober 2016
Vis alt

Triveleg stund med dei fyrste handballdamene i Jotun.

Det ferske Jotun/Åtil laget var prega av litt nerver i starten, men gjekk til pause med 11-7 leiing over Førde 2.  Førde 2 hang seg på att i 2 omgang, og begge laga gjorde det svært så spennande for tilskodarane. Kampen enda 20 – 19 til Årdalslaget, og det vert kjekt å fylgja dei vidare i seriespelet. Fullstendig referat frå kampen kan de lese på : www.porten.no

– Det vart meir spanande enn me hadde trudd dette, var  dei skjønt enige om dei flotte damene som var heidersgjester i Årdalshallen søndag. Indrettslaget hadde samla sju av damene som spelte på dei aller fyrste Jotunlaga i handball for 70 år sidan.

Dei sat på rekkje og rad og fulgte spent med på kampen : Kristine Thunselle, Kirsten Larsen, Ingebjørg Sperle, Anny Steinheim, Magda Olsen, Alfhild Kalstad og Ingebjørg Styve. Etter kampen samlast damene i klubbhuset til Jotun.  Her hadde me ei veldig triveleg stund. Damene hadde leita fram att bilete frå den gangen dei sjølve var aktive handballspelarar. Historiane om  lange turar til Høyanger på kamp, oppskrapa kne og albogar frå tida med handball på grusbane sat laust i forsamlinga.  Det var godt samhold i laget og dei hadde ein fantastisk trenar i Arne Eldegard.

Jentene vann det som var å vinna og var frykta langt utanfor fylket sine grenser.
Nokre av dei var og aktive på friidrettsbana. Ingebjørg Styve var  her i ein klasse for seg sjølv, ho var ein einar både i lengde og på 100 meter. Det vart latter rundt borde då dei mimra tilbake om den gang dei skulle springe stafett i Høyanger. Då havna dei på feil båt og måtte reisa innom både her og der for å nå fram til Høyanger og stafett i rett tid.  Dei skrapa saman dei pengane dei hadde så dei hadde til ein drosje som køyrde dei til stadion. Det gjekk akkurat, og sjølvsagt vann jentene stafetten.

Dei rosar kvarande, jentene. Det er ikkje vanskeleg å høyre at dei har hatt godt samhold.  Ingebjørg Styve om Magda Olsen: » Eg har sagt det før, men seier det på nytt. Magda er den beste handballspelaren Jotun nokon gong har hatt. Hadde ho fått trent under slike forhold de har i dag, hadde ho vore verdensstjerne».

Den  same Ingebjørg om Kirsten Larsen: «Føtene til Kirsten gjekk som trommestikker. Ho var kjapp som eit uver».

Me håpar at desse flotte damene kosa seg like mykje som det me i AU gjorde på denne samenkomsten. Tusen takk for at de ville vera saman med oss i dag.
Handballaget 1947
Frå venstre: Kårhild Felde, Olaug Berg, Helga Dalaker, Magda Olsen, Jørund Øren, Anny Steinheim.
Sitjande framme: Magda Forsberg.

Spreke jubilantar

Her er dei flotte damene med hadde med oss i dag. Bak frå venstre:
Alfhild Kalstad, Kristine Thunselle, Ingebjørg Styve, Anny Steinheim
Framme frå venstre: Ingebjørg Sperle, Kirsten Larsen og Magda Olsen.
Mat må ein ha.Flotte damer.