Diverse viktig informasjon:
25. oktober 2016
Klubbstemne 14.11.2016
9. november 2016
Vis alt

Flott innsats i Førde Cup

IL Jotun hadde med 3 lag i Førde Cup innandørs som var arrangert denne helga i Førdehuset. Turneringa vart arrangert for 20. gong, og heile 278 kampar vart avvikla frå fredag til søndag.

Laga til Jotun var med i klasse G14 og J16 (2 lag). Etter dei innleiande rundane var avvikla hadde dei raude og grøne laga gjort ein super innsats. Alle 3 laga gjekk til A-sluttspelet som vinnarar av sine innleiande puljer.

Sluttspelet starta tidleg søndag morgon, og G14 gjekk lett vidare frå sin 8. delsfinale mot Bergsøy med ein solid 5-1 siger. I neste runde venta Førde, der tok diverre reisa slutt etter tap 3-2 i sudden death. Spelemessig var Jotun langt betre enn motstandaren, men det spelemessige overtaket gav diverre ikkje utteljing i målprotokollen.

gutelaget

Dei 2 J16-laga starta sluttspelet søndag med kvartfinalar. J16-1 møtte Bergen Nord/Hovding 3, ein kamp bergensarane drog det lengste strået med ei skåring i siste speleminuttet då dei sette inn 3-2 målet.

J16-2 møtte Lindås i kvartfinalen, eit lag som var ubesigra i innleiande kampar. Jotun feila dei rett og slett av parketten med ein solid 7-0 siger, og var då klar for semifinalen mot Bergen Nord/Hovding 2. Semifinalen var og spanande, og Jotun leia 1-0 til det stod igjen 5 sekundar av kampen. Då utlikna Bergen Nord/Hovding, og det var då klart for sudden death. Her trekte Jotun det lengste strået, og sikra med det finaleplassen mot Førde.

Finalen vart og jamn med Jotun som det førande laget. Uansett er det måla som tel, og det var kun Førde som fann nettmaskene i finalen. Eit surt 1-0 tap til jentene, men uansett ein flott turnering av samtlege deltakande lag frå Jotun.

Resultat:
G14
Jotun-Bergsøy-3 4-0
Jotun-Førde-6 2-2
Jotun-Nymark-1 4-3
Jotun-Bergsøy-6 5-1 (8.delsfinale)
Jotun-Førde-7 2-3 (Kvartfinale sudden death)

J16-1
Jotun-MSIL-2 0-1
Jotun-Atløy 1-0
Jotun-Radøy/Manger-1 3-1
Jotun-FK Bergen Nord/Hovding-3 2-3 (Kvartfinale)

J16-2
Jotun-Tjørvåg/Gurskøy-1 7-0
Jotun-Førde-2 0-0
Jotun-Nordhordland-1 3-2
Jotun-Lindås 7-0 (Kvartfinale)
Jotun-FK Bergen Nord/Hovding-2 2-1 (Semifinale sudden death)
Jotun-Førde-3 0-1 (Finale)

resized_20161106_142729