Medlemskort og treningsavgift IL Jotun
21. desember 2016
God Jul og Godt Nyttår !
24. desember 2016
Vis alt

Minneord Olav Midtun

IL Jotun vil med desse minneorda takke Olav for den innsatsen han la ned for laget gjennom eit langt liv. Olav har vore ein engasjert og aktiv støttespelar i ein mannsalder. Han har teke på seg mange oppgåver i laget og vore ein viktig bidragsytar i driften og utviklinga av laget.
Olav var leiar i IL Jotun frå 1979 – 1981. Dette var ein aktiv periode for oss, Jotun fekk arrangere den fyrste landskampen som vart holdt utanfor Oslo. Dette var i 1979 mellom, Spania, Sveits og Norge. At denne vart arrangert i bygde Norge var eit resultat av både  godt arbeid med å få på plass kunststoff dekke på Jotun stadion som me var tidleg ute med og den jobben det var å overbevise forbundet at dette skulle Jotun klare å handtere.
Jotun fekk mykje skryt for framragande gjennomføring av dette og fleire store stemner som kom dei neste åra. Det vart arrangert eit stort nasjonalt stemne kvart år. Dette var ein stor periode for friidretten, Jotun som arrangørklubb og ikkje minst for Årdal. Her var mange Årdøler med og hjelpte til. Desse nasjonale stemna som Jotun tok på seg å arrangere enda opp med at Jotun i 1984 tok på seg å arrangere NM.
Dette er ein periode i historia til Jotun som me skal vera stolte av. Her viste me idretts Norge at utkanten / bygda og var dyktige på å arrangere store stemer i ei tid  dette ikkje var vanleg.
I tillegg til å vera leiar, tok Olav og på seg andre verv for Jotun. Han var sekretær i 6 år, utdanningsansvarleg, formann i husstyret og i mange utval og komitear som vart sett ned.
Når og ei seniorgruppe såg dagens lys var Olav med og fekk den i gang. Her deltok han i mange år med mykje godt arbeid for idrettslaget.
Olav vart utnemnt som Æresmedlem for Jotun i 1998. Denne utmerkinga var vel fortent etter mange år med framifrå innsats for idrettslaget.

Olav vil verta djupt sakna i laget vårt, han var med i dei gode diskusjonane og var ein høgt verdsatt støttespelar og medlem i laget.
Med desse orda vil IL Jotun takke Olav for alt han har gjort for idrettslaget, idretten og bygda vår.
Me lyser fred over Olav Midtun sin minne.

På vegne av IL Jotun,  leiar Arnt Stølen Moen