Motivasjonsforedrag for dommarar
19. januar 2017
Handballspenning i Årdalshallen søndag
19. januar 2017
Vis alt

Vellukka oppstart basistrening

Sist fredag, 13 januar var fyrste dag i basistreninga til IL Jotun. Det møtte tilsaman 25 store og små.  Instruktør Lars Kristian starta litt med å fortelje kva basistrening er  og kvifor ein skal trene basis. Dette gir eit godt grunnlag for alle idrettar og etter at Olympiatoppen vart etablert i forkant av Lillehammer OL har det vorte meir og meir fokus på basistrening i alle idrettsgreiner.
I tilbudet til Jotun kan foreldre og ungar trene saman. Dei som har vore med på turntrening kjenner att mange av øvelsane som vart brukt.
Etter endt treningsøkt vart nokon med bort i klubbhuset og fekk saft og frukt. Det sosiale etter trening vil me prøva å utvida, og ynskjer innspel frå både unge og vaksne om kva vi kan få ut av det.
Ny trening fredag 20. januar kl 17 -18.30