Årsmøte IL Jotun onsdag 8. mars 19:00
2. mars 2017
Handball i Årdalshallen søndag 19.03.17
18. mars 2017
Vis alt

Symjemerke «Kvalen»

Tysdag ettermiddag var det høve for 4 klasse å ta den fyrste «knappen» i symjeforbundet sitt opplegg som heiter «trygg i vatn». Kvalen har som læringsmål at ein kan kombinere hopp frå land med å dykke og orientere seg under vatn, samt hente ting opp til overflata. (alt foregår på det grunne i bassenget) Det møtte opp 21 glade  4 klassingar. For dei aller fleste vart dette heilt greie øvingar.  Symjegruppa i Jotun håpar at det kan bli ein tradisjon at 4 klasse kan ta fleire merke kvart år.  Ungane vart delt i to grupper der den ein tok merke medan den andre gruppa hadde fri bading. Kjempeflinke og kjekke ungar. Og alle klarte merket med glans ! Avslutningsvis fek dei som ville vera med på stafett.  Og den enda so spennande som ein stafett skal ende, med heilt jamt resultat 🙂
Alle deltakarane samla seg i hallen etterpå der dei mottok «kvalen merket» av leiar i symjegruppa Ingeborg Hjelle.
Symjegruppa takkar allidretten for samarbeidet i år og ynskjer alle 4 klassingane hjarteleg velkomne på symjetrening til hausten.