Temasamling
20. mars 2017
Nytt styre på plass i handballen.
29. mars 2017
Vis alt

Padling på allidretten i dag.

I sesongen 2016/2017 har det vore veldig mange kjekke «nye» aktivitetar på allidretten. Ungane har i tillegg til ordinære idrettar i Jotun, prøvd både dans og ridning.  Og i dag stod enno ein ny aktivitet på timeplanen.  Allidretten var så heldige å få besøk av Bulder & Brak opplevingar ved Torunn Todal Laberg og Lars Kristian Fauske. Tilbakemeldingar frå foreldre var veldig positiv.  På framsidebildet ser me at Morgan Sundal har fått kontroll på padlinga og utifrå gleda i ansiktet ser det ut til at dette var veldig kjekt.

Leona Undi hadde det også veldig kjekt i bassenget i dag.
Torunn Laberg frå Bulder & Brak ( http://bulderogbrak.no) seier at borna var kjempeflinke, og det var to timar med mykje latter og moro.
Instruktørane rosar ungane for fantastisk innsats !