Nytt styre på plass i handballen.
29. mars 2017
Dugnadsliste Knøtteturnering 30.4.2017
24. april 2017
Vis alt

Uttak til Enivestserien

Enivest Fotballskule

Sogn og Fjordane Fotballkrets har teke ut troppane til Enivestserien komande sesong.

Dette er andre trinn i spelarutviklingsmodellen i krets og ein del av Landslagsskulen. Serien står av sonelag (13-åringar) frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, der spelarar er nominerte og uttekne av kretsansvarleg på grunnlag av prestasjonar på Enivest Fotballskular.

Jotun Fotball er stolte av at Leah Nordnes, Ingeborg Bukve Strand, Elias Moen Trollebø og Sander Hestetun Kilen blei uttekne på Sogn sitt sonelag.

I løpet av året skal dei spela fleire turneringsrundar. Den første er allerede på Eid idrettspark 29.april. Runde to blir spelt på Hafstad i Førde 4. juni. Deretter går turen til Kaupanger 26. august før serien blir avslutta på Eid idrettspark 11. november. Me ønskjer dei lykke til:-)