Slik tradisjonen har vore i mange år, er det Jotun si friidrettsgruppa som markerer avslutninga for allidrett på vårsesongen. I ettermiddag var allidrett frå 1-4 klasse samla på Jotun stadion, for å teste ut lengde, 60 m og liten ball. Yngre syskjen fekk også prøva seg om dei hadde lyst. Jotun Stadion synte seg frå si beste side. Nydeleg vêr og publikum kosa seg med kaker og kaffi frå kiosken.
Etter at alle hadde prøvd seg på alle øvingane vanka det premiar til alle deltakarane. Dei flotte ballane i ulike fargar som var kjøpt inn for anledninga fall i smak hjå ungane. Her er nokre bilder frå ettermiddagen: