Vårfest på Torget 13 mai!
6. mai 2017
Fantastisk aktivitet i IL Jotun!
10. mai 2017
Vis alt

Obs! Obs! Skadar og medlemsskap !

Ein liten obs historie frå idrettslaget : Elisa Nesse var uheldig å skade kneet sitt under kamp for Jotun.  Mamma Unni skriv følgande til meg:
Elisa Nesse 190305 skada kneet sitt under fotballkamp for Jenter 12 mot Aurland, i Aurland 20.04.2017. Ho har ein hevelse i kneet som ikkje går ned og har vore både til doktor og går no til fysioterapeut. Eg kontakta sportsleg leiar i Jotun Fotball Stine Wigum og fekk beskjed om å melde skaden inn til Norges Idrettsforbund. Det har eg gjort, men Norges Idrettsforbund treng ein bekreftelse på Elisa sitt medlemskap i IL Jotun og at skaden skjedde under trening kamp frå Idrettslaget. Tenkte kanskje du kunne hjelpe med ein bekreftelse på medlemskapet, eg fekk ID nr på Elisa frå Stine med det var tydlegvis ikkje nok. Sjå mail frå idrettsforbundet:

Hei, Viser til mottatt skademelding via Norges Idrettsforbund for Elisa Nesse: Før vi kan behandle skadesaken har vi behov for en bekreftelse om Elisa Nesse: sitt medlemskap i IL Jotun og at skaden skjedde under organisert trening/kamp. Vi imøteser bekreftelse fra IL Jotun til skade@idrettshelse.no. Ta gjerne kontakt med oss på telefon 02033, eller send en e-post til skade@idrettshelse.no om dere har noen spørsmål. Fint om det vises til vårt skadenummer ved kontakt. Birgitta: Idrettens Skadetelefon Pb. 104 Bekkelagshøgda, 1109 Oslo Kongsveien 104, 1177 Oslo Telefon: 02033 www.idrettshelse.no skade@idrettshelse.no

Som medlemsansvarleg i Jotun kan eg logge inn i medlemssystemet og sjekke om det er betalt medlemskontingent og treningsavgift for Elisa. Sidan ID nr frå fotballen sitt Fiks system ikkje var god nok bekreftelse – måtte eg sende følgande bekreftelse som viser at Elisa sitt medlemsskap er ok.

Her er alt i orden og eg kan bekrefte at Elisa sitt medlemskontingent er betalt den 09.02.17 og treningsavgifta er betalt 27.03.17. Sidan Idrettsorbundet krev bekreftelse frå medlemsregistersystemet som alle lag er pålagde å bruke frå 01.01.2016, var det kun dette som var godt nok.

DETTE SEIER LITT OM KOR VIKTIG DET ER Å BETALE MEDLEMSKONTINGENT TIL LAGET EIN HØYRER TIL.

IDRETTSFORBUNDET GODTEK HELLER IKKJE OVERGANGAR DER DEN SOM SØKJER OVERGANG HAR UTESTÅANDE KRAV PÅ SEG I EIGE IDRETTSLAG. Da vil ikkje overgang bli signert!

Skulle det vera nokon som trenar i Jotun som ikkje er registrerte i registeret, ta kontakt med : sekretar@iljotun.no .

Gode helg alle !!