Knut Werge Olsen med nye «kanonløp» sist helg.
16. mai 2017
Vårstemne i Friidrett onsdag 07.juni
23. mai 2017
Vis alt

Symjegruppa har hatt besøk av «gamletrenaren».

Såå kjekt med besøk av gamletrenaren.

Etter at symjegruppa «låg nede» nokre år, starta i 2013 Ingeborg Hjelle oppatt gruppa. Vidar Sande gjekk på nok eit år som trenar. Han har prøvd å legge opp mange ganger men klarer ikkje seie nei når gruppa er i beit. I 2014 var Ingeborg  så heldig å få med seg Even Stubhaug som var starta på Årdal Vidaregåande skule.  Han var frå Førde og aktiv symjar heilt i Norgestoppen. Dette vart stas. Gruppa vaks veldig under Even si kyndige leiing. Han var og er ein veldig flink trenar som hadde eit fantastisk lag med ungane. I 2016 gjekk vegen vidare for Even og han starta som lærling  for Statoil i Bergen. I hans fråvære klarde gruppa å skaffe nye trenarar. Kurt Jevnaker, Anita Laberg Øvstetun, Cecilie Brun, Erlend Søderlund og Ruth Laberg.
Laurdag 20 mai hadde me fått avtale med Even om at han skulle ta turen til Årdal for å ha ei symjesamling. Både symjarar og trenarar gleda seg. Så kjekt at han ville bruke frihelga si og ta turen frå Bergen. Even hadde lagt opp eit tøfft og kjekt program for ettermiddagen. Symjarane guffa på med kjempeinnsats. Var nok kjekt å visa gamletrenaren att dei hadde forbetra seg.
Etter treninga var det pizza og quizz i klubbhuset. Veldig kjekk ettermiddag. Me håpar sjølvsagt at Even kan ta turen fleire ganger til oss .
Nokre bilder frå dagen:

Dette har me venta på. Veldig kjekt å ha Even her.

Godt med pizza.

Masse god pizza

Vinnarar av quizzen.

2 plass i quizzen. Gutta Boys

Alle som var med i dag. Sanna var ikkje til stades når bilde vart teke.

Når det gjeld treningar framover er Årdalshallen også open neste veke. Da vert det trening som vanleg mandag og torsdag. 17 juni vert det klubbstemne i utebassenget.