Vårstemne i Friidrett onsdag 07.juni
23. mai 2017
Vårstemne i friidrett 07.juni 2017
10. juni 2017
Vis alt

Flott dugnadsinnsats i utebassenget!

Symjegruppa ved hjelp av frivillig innsats har hatt vaskedugnad i utebassenget.  Etter 2 ettermiddagar-/kveldar vart me endeleg ferdige. For ein fantastisk gjeng som er i symjegruppa. Stiller opp både mødre og fedre, og aktive symjarar.  Ei spesiell takk til Irene Ruud som stiller opp for Jotun uansett når vi spør henne.  Ho stilte på dugnad både i år og i fjor. Takk også til Marie Helene og Lukas som var på tur og like godt heiv seg rundt og vart med på dugnad.

Me håpar på ein flott sommar slik at ungane og vaksne kan kosa seg i bassenget kvar einaste dag. Litt bilder frå dugnaden:

Tre av damene som var med fyrste ettermiddagen.

Kaffi og saft pause

Siste pause før me var ferdige.