Flott stemne i utebassenget !
23. juni 2017
Handballdag med Hege og Torbjørn.
27. juni 2017
Vis alt

Uttak til Ove Helgesen Trophy Cup i Bergen

Team Sogndal G13 skal i år delta på Ove Helgesen Trophy Cup 6.- 9. aug. i Bergen. Turneringa har som mål å vere den beste eliteturneringa i Noreg. Her kjem topp nasjonal og internasjonal motstand og det er kun inviterte lag som får delta. Påmeldte lag i G13 klassen er Bodø/Glimt, CSKA Moskva (Rus), FC Midtjylland (DK), FK Fyllingsdalen, IK Start, Legia Warszawa (POL), Lørenskog Akademi, Odd, Sandnes Talent, SK Brann, Team FK Haugesund, Viking og Tottenham (ENG).  Elias M Trollebø og Sander H Kilen frå IL Jotun samt 16 andre frå fylket er tekne ut til å representere Team Sogndal. Meir info om turneringa finn de her…http://www.ovehelgesentrophy.no

Jotun Fotball gratulerar og ønskjer dei lukke til på turneringa:-)