Oppstart friidrettstrening
14. november 2017
Jotun fotball Damer 2018
23. november 2017
Vis alt

Super innsats ! Hauststemne på Eid.

Denne helga (18-19 november ) har Eid symjeklubb arrangert hauststemne. IL Jotun reiste med ein tropp på 8.  Pga ein del kolliderande aktivitetar vart vi ikkje så mange som me håpa på.  Den flotte gjengen som reiste gjorde ein formidabel innsats.  Det vart personlege rekordar i fleng.
Ekstra kjekt er det at me har fått med to jenter frå Årdalstangen.  Dei let vel og tykte dette var kjempekjekt. Me håpar enno fleire finn vegen til symjetreningar når bassenget opnar att i januar.

 

 

 

På dette bildet har me heile gjengen samla. Flott gjeng.
Framme : Trenar Kurt Jevnaker
Fyrste rekke frå venstre: Elina Toth-Nyhus, Emmeli Jevnaker og Kaja Hove.
Bak frå venstre: Tessa V. Skjerven, SolfridG Røyrvik; Hermann Vigdal Øren, Tomine Jevnaker og Marie Bjørnethun.

Med på turen var også fleire foreldre.  Veldig kjekk gjeng og reisa på tur med.  Alt i mars 2018 er det nytt stemne på Eid.  No vert det ein litt lang juleferie medan me ventar på at bassenget skal bli klart i januar.
Takk for turen alle 🙂