Super innsats ! Hauststemne på Eid.
19. november 2017
Halltider 2017-2018
24. november 2017
Vis alt

Jotun fotball Damer 2018

Jotun fotball ynskjer å stille senior damelag for seriespel i 3. divisjon 2018.
Arbeidet for plan- og tilrettelegging av dei naudsynte rammer er i full gong.
Klubben og regionen har fleire ivrige og flinke jenter som ynskjer eit tilbod etter aldersfastlagde klassar. Med eit godt grunnlag i eigen klubb, går me no ut til alle som kan vere interesserte i satsinga, for å sikre ein brei og god stall.

Me inviterer difor alle interesserte jenter/damer i regionen til eit informasjonsmøte:

Torsdag 7. desember kl. 19:00 i Jotun klubbhus.

Her håpar me å sjå deg, dersom du har spelt fotball og ynskjer å satse litt vidare. Om du berre er litt nysgjerrig på dette, er du sjølvsagt også velkommen!

– Har du spørsmål?

– Høver ikkje tidspunktet?

Ta kontakt!

Ring oss på mobil 90843189

Med venleg helsing

Jotun fotball, sport