Trenarforum med «noko attåt» !
7. desember 2017
Handballbasar IL Jotun.
8. desember 2017
Vis alt

Kurs i KlubbAdmin, Lærdal 6.desember

Det er mykje som skjer i Jotun om dagen ! Onsdag inviterte Idrettskretsen ved økonomileiar Erling Benjaminsen  idrettslaga i Årdal, Lærdal og Aurland til kurs i medlemssystemet Klubb Admin. Idrettsforbundet har vedteke Klubbadmin som sitt medlemssystem. Og frå 01.01.2016 var alle klubbar pliktige til å ha medlemsoversikta i godkjent elektronisk medlemsregister.
Lærdal IL stod som vertskap for onsdagens kurs.
Frå IL Jotun deltok leiar Arnt Stølen Moen og medlemsansvarleg Ruth Laberg. Fleire kunne tenkt seg å delteke, men var opptekne med handballbasar og nokre på trenarforum.  Alle medlemsansvarlege  i særgruppene til Jotun vil bli kalla inn til felles gjennomgang av systemet ein gang på nyåret.
Kurset i Lærdal var grunnleggande. Jotun har brukt systemet aktivt i 2 år og var kjend med det meste av det som vart gjennomgått.
Det var likevel kjekt å bli invitert, snakke med idrettskollegaer og ikkje minst synfaring i det nye flotte klubbhuset Lærdal IL har bygt.
Mellom jul og nyttår vert medlemssystemet klargjort for nytt år, og faktura på medlemskontingent og treningsavgift vil gå ut fyrste og andre veka i januar.