Handballbasar IL Jotun.
8. desember 2017
Medlemskontingent og treningsavgift for 2018 i IL Jotun.
6. januar 2018
Vis alt

God Jul, Godt nyttår og takk for det gamle !

Året 2017 er snart ved vegs ende.  IL Jotun kan sjå tilbake på eit år fullt med gode opplevingar . Me er stolte over at me har 9 særgrupper med fullstendige styre og god aktivitet.  I tillegg har me også seniorgruppa som er svært viktig for arbeidet i Jotun.
Seniorane hadde nyleg julebord i klubbhuset.  Og i år som i fjor har dei gitt overskotet frå julebordet tilbake til Jotun. Tusen takk !

Aktiviteten i Jotun er høg! Ein peikepinn på dette er  mva kompensasjonen som vert utbetalt.. Kvart år i desse dagar kjem det ei aldri så lita julegåvet frå regjeringa til lag og organisasjonar.
Mva kompensasjon har til formål å kompensere for dei utgiftene frivillige lag og oraganisasjonar har til mva ved kjøp av  varer og tenester.

I 2017 har Jotun hatt høg fokus på det elektroniske medlemsregisteret Klubbadmin.  Gruppene er svært samarbeidsvillige og hjelper sekretær i Jotun med å ajourhalde til eikvar tid. Eit anna hovedfokus har vore  politiattestar. Undergruppene  melder frå om nye trenarar og tillitsvalde, slik at me sørger for at alle med verv i laget har politiattest.

Ei av dei kjekkast opplevingane i år, var nok da me vitja 100 års jubilanten Arne Eldegard på den store dagen. Han har vore ei eldsjel i Jotun i alle år og det hender rett som det er at han enno minner oss på hendingar me må hugse på.  Ein fantastisk mann for Jotun !

Til slutt ynskjer me i arbeidsutvalet og takke alle trenarar, foreldre, besteforeldre og  alle andre frivillige som står på kvar einaste dag for at ungane skal få gode vilkår i idrettslaget .

Ei stor takk til hovedsponsorane våre Indre Sogn Sparebank, Årdal Energi og Årdalsnett  som gir oss støtte og muligheit til å halde oppe eit breidt og godt aktivitetstilbud i klubben.

I tillegg til hovedsponsorane er det svært mange andre bedrifter som støttar Jotun kvart år.  Tusen takk til heile næringslivet !
Me er stolte over å leia ein klubb som omset for +/- 4,0 mill kvart einaste år kun på frivillig basis!

Me går no inn i eit jubileumsår. Jotun har 95 års bursdag i mars 2018.

Tusen takk alle med ynskje om ei God Jul og eit Godt Nyttår !

Beste helsing
AU – IL Jotun.