God Jul, Godt nyttår og takk for det gamle !
22. desember 2017
Velkommen på symjetrening !
12. januar 2018
Vis alt

Medlemskontingent og treningsavgift for 2018 i IL Jotun.

IL Jotun ynskjer velkommen til nytt treningsår fullt med mange kjekke aktivitetar og opplevingar.  Med dette føl oså med utfakturering av medlemskontingent og treningsavgift for 2018. Alle som trenar i nokon av gruppene til Jotun MÅ ha dette. Om nokon er så uheldige å bli skada, får ein ikkje behandle skaden sin i idretten sitt forsikringsselskap dersom de ikkje er medlemar. Dette er det fyrste forsikringsselskapet sjekkar når dei mottek melding om ein skade.
Treningsavgift skal vera med å bidra litt til kostnadene som gruppene har til halleige, transport til kampar, turneringar, stemner og anna. For 2017 utgjorde halleige, baneleige, reiser og overnatting til kampar, stemner, og cupar samla kr 1.334.000,-  Jotun tok inn kr 300.000,- i treningsavgift.

Avgiftene for 2018 er fyljande:
Medlemskontingent:
Medlemar over 16 år og eldre :            kr 250
Born u/16 år og pensjonistar:              kr 150
Familiemedlemskap (maks 4 per):     kr 450  ( 100 kr ekstra for kvar ny familiemedlem)

Treningsavgift:
Fødd 2016-2013                                kr 400
Fødd 2012-2009                               kr 500
Fødd 2008                                          kr 950

Fødd 2007-2005                              kr 1500
Fødd 2004-2002                              kr 1800
Det vert ikkje gitt søskensmoderasjon i allidretten.  Moderasjon vert gitt til søsken nr 2 eller 3 utanom allidretten.
Treningsavgift til dei som er fødd i 2001 eller eldre vert fakturert ut frå dei gruppene dei tilhøyrer.
NB! I Jotun betaler ein kun ei treningsavgift.  Da kan du trene i alle dei gruppene du ynskjer under same avgifta.

Utfakturering startar i desse dagar.  Mange ligg allereie inne som familiemedlemar. Er det fleire som ynskjer det, ber me dykk gi beskjed snarast til : sekretar@iljotun.no