KM Ski 2018
30. januar 2018
Årsmøter 2017
2. februar 2018
Vis alt

Bestilling av buss og bil

Systemet for bestilling av buss og bil er no på plass. Dette betyr at alle får oversikt over når bussane og bilen er ledig, og de kan då bestille bussen via heimesida.

Prosedyra er slik:

Etter bestilling går det ein e-post til bestillar med bekrefting, samtidig får bussansvarleg ein e-post om ein ny bestilling. Bussansvarleg godkjenner då bestillinga, og ein ny e-post med bekrefting går då tilbake til den som har bestilt.

Slik ser bestillingsskjemaet ut:

Felta med ei raud stjerne bak må fyllast ut. Det er og viktig at dato og klokkeslett er fylt ut korrekt. For å få inn dette på rett format, velg fyrst dato ved å nytte knappen til høgre for feltet, deretter skriv de inn klokkeslettet.

Om reisemålet ikkje ligg i lista, så vel de — Reisemål ligg ikkje i lista — i boksen, og skriv inn reisemålet i kommentarfeltet.

Fram til bestillinga er godkjent så ligg den som Innmeldt i kalendaren på nett. For at bussansvarleg skal godkjenne bestillinga, så sjåfør vere på plass. Om din sjåfør ikkje ligg i lista, så vel de Sjåfør ikkje sett opp og skriv inn sjåfør i kommentarfeltet.

Lenker:
Booking
http://iljotun.no/booking-buss/

Kalendar:
http://iljotun.no/kalendar-buss/

Desse finn de og under menyvalet Hovudstyret-Bussordning.