Årsmøter 2017
2. februar 2018
Rekrutteringsdommarkurs 9.-10. mars
26. februar 2018
Vis alt

Seniortreff IL Jotun

Siste torsdag kvar månad har seniorgruppa til IL Jotun treff i klubbhuset.

Og sjekk den flotte gjengen da !! Desse har utallige timar som aktive, trenarar, leiarar og no som frivillige i gruppa.

I dag var dei samla for å få litt info om nye prosjekt framover.  Eit av prosjekta er eit stort utandørs symjestemne som skal arrangerast 23-24 juni.  Dette vert spennande med utøvarar frå heile landet.  Difor lufta med dette i god tid for seniorane, da parkeringsvakter heilt sikkert vert naudsynt denne helga.

Denne tordagen var dei 13 men gruppa tel mange fleire. Ein av jobbane dei vil ta tak i ganske snart er å få system i fyrste etasje i klubbhuset.  Mykje gamalt frå gruppene ligg samla her. På  hovedstyremøte komande veke vil gruppeleiarar få frist til å rydde opp i det dei skal ha. Resten vert fjerna.
Ein annan stor og viktig jobb er å få ramma inn alle diplomar som ligg i arkivet.  Det skal handlast inn rammer slik at diplomane kan hengast opp og få den merksemda dei fortener i klubbhuset.
Elles var dei innom facebooksida 1424 Årdal.  Det har dukka opp nokre bilete der dei ikkje er enige om kven som er avbilda. Friske diskusjonar rundt dette.  Sjølvsagt også ein del røvarhistoriar frå gamle dagar.

Nytt for underteikna som Aarvid Midtun kunne fortelje var at i hans tid som spelar, måtte dei ha legekort for å kunne delta i seriesystemet.  Det skulle vore moro å vist kor lenge denne ordninga var.  Var det kanskje ein start på det som i dag er spelarlisensar og laglisens?

No i desse OL tider stod sjølvsagt TV på.  IL Jotun har fått splitter ny 75 «tommar» som vart montert før gruppeårsmøta starta.  No går det  fint å lesa på skjermen om ein sit bakerst i lokalet.
Ny TV er det sjølvsagt seniorgruppa som har montert.
Og ei stor takk til Agnitio AS som har bidrege til storskjermen.

Takk for at sekretær i Jotun fekk stikka innom dykk på møtet. Veldig kjekt 🙂