Fotballeiarkurs Modul 1 (FLK1) 8.april
22. mars 2018
Seriestart for damelaget! 10.4. kl 18:45
10. april 2018
Vis alt

Minneord Arne Eldegard

Eg vil med desse ord på vegne av idrettslaget Jotun takka Arne for innsatsen gjennom eit langt idrettsliv.

Arne har vore ein engasjert og aktiv støttespelar for idrettslaget gjennom ein mannsalder.

Han har teke på seg mange oppgåver i idrettslaget og vore ein viktig bidragsytar i drifta og utviklinga av idrettslaget.
Arne var med å starte opp handball i jotun i 1946.  Han samla samen nokre spreke jenter i juni 1946 og 4 Juli 1946 hadde dei første handballkampen mot Lærdal.

Arne tok på seg å vera leiar, instruktør og uttakingsnemd  første året og dermed var dei i gang med handball i jotun.

Arne var deretter leiar i handballgruppa i åra 1948-50 + 52

Først i 1948 vart det oppretta ein handballkrins i Sogn og Fjordane så ein kan trygt seie dei at Jotun var tidleg ute med handball.

At det var ein dyktig instruktør og flinke utøvarar er tydelig da dei spelte kampar mot austlandslag og gjorde det skarpt mot desse erfarne laga.Arne var og leiar i Jotun i 1951 og så perioden 1953-1956

Han tok deretter på seg leiarvervet i barneidrettsgruppa i 1957 I tillegg til å vera leiar tok Arne og på seg andre verv for Jotun, han var forbundsdommar i friidrett og handball som dei fyrste i Sogn og Fjordane.
Når æreteikn først gang vart utdelt i Jotun var Arne blandt dei få som fekk denne æra og i 1981 vart Arne utnevnt til æremedlem i Jotun.

Desse utmerkingane var vel fortjent etter mange år med framifrå innsats for idrettslaget..

Arne vil verta djupt sakna i laget vårt, han var med og bygde opp idrettslaget og var ein engasjert støttespelar i mange år.

Med desse ord vil eg takka Arne for alt han har gjort for idrettslaget, idrettsungdommen og bygda vår.

Me lyser fred over hans minne
På vegne av IL Jotun

Arnt Stølen Moen