Flott opning av damelaget til Jotun!
11. april 2018
Damelaget møter Høyang kl 19.00
4. mai 2018
Vis alt

Jotuntalent frå fotballgruppa! (oppdatert)

VIKTIG KORRIGERING:

I det opprinnelege innlegget hadde me oversett ei gruppe gode jentespelarar (og det i jentefotballens år!) som er uttekne i Akademiserien for J14! Desse er:

Ingeborg Bukve Strand, Maria Øy Kleiven og Leah Nordnes. Me beklagar, men er glade for å kunne oppdatere antallet i listene nedanfor!

 

Jotun har hatt mange spelarar på sone- og kretstiltak dei siste åra sjølv om det ikkje har vore så synleg her på nettstaden vår.

No er det gledeleg å melde at 8 11 Jotunspelarar er tekne ut til satsingsgrupper, sone- og kretslag i 2018!

TEAM Sogn og Fjordane er kretsen si satsingsgruppe for spelarar i alderen 13-16 år og vert driven i nært samarbeid med Sogndal Fotball.

Dei uttekne her er er:

  • Leander Øy (15), Keeper (og utteken på kretslag)
  • Selma Moen Eminovic (15), Keeper (og utteken på kretslag)
  • Lidvin Hestetun (13), Midtstoppar (og utteken på kretslag)
  • Sander Kilen (13), Sentral Midtbane (og utteken på kretslag)

Morten Brandsdal (Sportsleg Utval, Jotun Fotball) er ansvarleg for å følgje opp denne gruppa. Trenarar frå kretsen er Nils Tore Krosshaug, Geir Stenehjem og Jan Tore Jåstad

Jotun har og fått med 6 spelarar i Enivestserien (sonelag):

  • Marte Vigdal Rudi (13)
  • Aleksander Nundal (13)
  • Tobias Furebotn (13)
  • Kevin Lægreid (13) (og utteken på kretslag)
  • Sander Kilen (13)
  • Lidvin Hestetun (13)

I Akademiserien  (tiltak for 14-åringar  som spelte på sonelag som 13-åringar) har me:

  • Ingeborg Bukve Strand (14)
  • Maria Øy Kleiven (14)
  • Leah Nordnes (14)
  • Elias Trollebø (14)

I tillegg har desse vore på sonetiltak (Enivest Fotballskule) i vinter:

  • Mathias Øren (14)
  • Isak Hove (13)

Helga 7.-8.april arrangerte Norsk Toppfotball Nasjonal Eliteturnering på Nadderud (G14) og Jessheim (G15). Der deltok alle våre kretspelarar på gutesida. I dette tiltaket vert klubbar i Eliteserien og OBOS-ligaen invitert til å stille med ungdomslag. For tida er det berre eit tilbod på gutesida. Me vonar NTF vil dra i gang noko liknande på jentesida!)

F,v, Lidvin, Kevin og Sander. (Foto: Bjørge Kilen)

  • Lidvin Hestetun (13), Kevin Lægreid (13) og Sander Kilen (13) spelte for Team Sogndal G14 på Nadderud og fekk gode skussmål. (Foto (arkiv): Bjørge Kilen)
  • Leander Øy gjorde det og godt for Team Sogndal G15 på Jessheim.

    Leander Øy (15), Team Sogndal (Foto: privat)