Leander Øy (15) er utteken til Equinor talentleir
1. juni 2018
Resultat Vårstemne i friidrett 29.mai 2018
9. juni 2018
Vis alt

Førdesprinten 2018

Helga 2-3 juni vart den tradisjonelle Førdesprinten  i symjing arrangert i Førdehuset. 250 symjar frå store deler av landet hadde møtt fram. IL Jotun hadde denne gangen ei lita gruppe med, men dei var jammen med til gangs.

Til venstre ser me deltakarane på IL Jotun sin mix lag i 4 x 50m fri. Ein kjempeinnsats av alle 4.
Så folkens:
På 50 m bryst fossa Tomine Jevnaker  inn til siger  med tida 43,57.
I denne klassen var det 8 symjarar med.  Tomine og ei jente frå Førde som  einaste frå Sogn og Fjordane. Resten av symjarane var fordelt både frå Møre, Voss og Bergen. Dette er eit godt prov på at symjarane våre hevdar seg utover vårt område.
Tomine fekk også ein flott 6 plass på 100 m medley. Utruleg kjekt at symjarane våre no dristar seg ut av konfortsona og stiller i øvingar dei ikkje har konkurrert i før.
I tillegg til Tomine stilte også Leo og Solfrid på 100 m medley. Flott !!
Dei to gutane frå Årdalstangen Leo Solheimslid Johansen og Nicodem Borowiec har hatt ei fantastisk utvikling dette halve året dei har vore med på symjing. Held dei fram den treningsiveren dei viser no , får me nok høyra mykje om desse gutane.

(arkiv bilde)
Tøffe Emmeli Jevnaker har fleire stemner bak seg som rekrutt symjar . Denne gangen stilte ho for fyrste gang opp i eit approbert stemne. Det betyr at reglar for disk vert gjeldande, og tidene vert notert i offentlege resultatlister. Emmeli stilte i 50 m bryst og 100 m fri og symde inn til fantastiske tider.

Familien Røyrvik hadde med seg på turen yngste jenta i familien Marte som sporty stilte opp på rekruttstemne. Ho hadde ein strålande innsats på  25m bryst .

Familien Bale var og sterkt representerte på stemnet. Sondre Bale stilte til start med gode resultat  på 50 m bryst og fri, samt 100 m bryst og fri.

Den yngre broren Sigurd som også var med til Førde, stilte til start på rekruttstemnet.
Trenarane er svært stolte og fornøgde over innsatsen til alle symjarane.  Me skule sett at enno fleire var med denne helga, men kolliderande aktivitetar gjorde at me ikkje fekk det til denne gangen.
Men det store stemnet i utandørsbassenget nærmar seg med stormsteg og symjarane er spente og grugledar seg til dette.

På Førdesprinten i helga fekk klubben også ferdigutdanna tre dommarar som kretsdommarar. Me ynskjer alle lukke til med dommargjerninga framover.

Me ynskjer alle sambygdingar velkommen til Årdalsstemnet som vert arrangert helga den 23-24 juni. Det har ikkje vore arrangert stemne i utebassenget sidan 1997. Så dette vert veldig stas.  Me har bruk for mange frivillige, så er det noko de trur de kan bidra med er me svært takknemlege.