Norway Cup 2018
22. juli 2018
G17 i Norway Cup 2018 , før kamp mot Djerv1919 (Foto: Tøger Rønningen)
Norway Cup – gruppespill unnagjort
31. juli 2018
Vis alt

Jotun fotball har mista ein av sine.

Odd P Hestetun, eller P’en som han vart kalla i fotballmiljøet i Jotun  og  indre sogn, gjekk bort etter kort tids sjukdom 4. juli 2018. Odd var med sitt lune og beskjedne vesen svært godt kjend  i fotballmiljøet i Jotun og  heile sogn. Skotfoten hans var både kjent og frykta.

Ein kan trygt seie at P’en vart ein frykta motstandar på 60 og 70 tallet. Men han var og kjend som ein av dei «snillaste » på bana. Odd var saman med tre andre teken ut til stor krinslagsturnering i Horten mitt på 60 tallet.  Han var og den fyrste spelaren frå Sogn og Fjordane som vart teken ut på landslaget. Her spelte dei kampar mot Sverige og Danmark. Etter at han la opp si aktive fotballkarriere held han fram på Old Boys laget til Jotun. Han hadde i tillegg mange turneringar i lag med bedriftslaget til Hydro Årdal. Odd var ofte å finna på tur med hunden rundt stadion. Der fekk han  med seg aldersbestemte kampar.   Odd hadde over 300 kampar for Jotun fotball. P’en vil bli hugsa med gode minner i fotballmiljøet i Jotun. I staden for blomar er ei siste helsing  sendt til kreftforeninga.
Me lyser fred over Odd P Hestetun sitt minne.

IL Jotun Fotball.