Lidvin Hestetun
Fra Norway Cup til Ove Helgesen Trophy
4. august 2018
G15 mot Gjøa i NC 2018. Foto: Tøger Rønningen
Haustsesongen i gong
15. august 2018
Vis alt

Målrock 2018: Takk!

Målrock 2017

Målrock 2017

Då er årets utgåve av Målrock over, og me ynskjer å takke alle for innsatsen som vart lagd ned for å få laga til festivalen.

For Jotun Fotball er Målrock årets største dugnad, og i tillegg til å gje viktige inntekter til gruppa bidreg me til å lage eit flott arrangement for heile bygda.

Frå Kjelde AS, Jotun og ÅTIL bidrog til saman rundt 200 personar til at artistane hadde scene å stå på, at publikum fekk mat og drikke, hadde reine og fine toalett og elles vart godt tekne vare på dei to kveldane i Meieriparken.

Takk til alle, óg til dei ekstra frivillige som meldte seg på kort varsel då me hadde litt fråfall.

Ein ekstra stor takk til Ivar Otto Øren og Geir Roar Vee som har vore koordinatorar i mange, mange år og har lagt ned utallige timar både før, under og etter Målrock!