3.runde Enivestserien, Eid
27. august 2018
Nasjonal Eliteturnering for G13 og G15
3. september 2018
Vis alt

Guttekamp på stadion i kveld 28.08

Gutelaget til Jotun møtte i kveld Sogndal til kamp på krøllgraset. Det var Sogndal som sette ballen i mål fyrst og leia 1-0 til pause. I 2. omgang auka dei til 2-0, men trenar Kai Wigum kunne melda om ei flott opphenting frå gutane då dei fyrst reduserte og deretter utlikna til 2-2. På sidelinja vart det snakka om årsbeste av gutane. Laget fekk betalt for å stå løpet i 80 min. 1 poeng i dag , men gutane håpar at dei snart får innkassere ein 3 poengar. Måla til heimelaget vart scora av Eirik Thomassen og Lars Jevnaker. På sidelinja hadde de samla seg mykje folk, trass regnet som bøtta ned. Ivrig Jotun supporter Magnus Hestetun  stiller opp på alle kampar for å heie fram olderbarnet og lagkompisane.

Magnus Hestetun var ein svært god spelar på laget til Jotun når dei herja banene på 50 tallet.
I mai var han blant dei eldste som gjekk Vettisløpet.
«Alder er berre eit tal» – ja, det er Magnus eit veldig godt prov på.
Gratulera til gutane med ein god kamp i dag !